Helsefagarbeidar 100 % fast stilling

Stilling
Helsefagarbeidar 100 % fast stilling - BUAS sone 2
Lokasjon
Sykkylven
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
07. des.
Få påminnelse
12 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du helsefagarbeidar og på jakt etter nye, spennande utfordringar?

Vil du jobbe i eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer og utviklande arbeidsoppgåver?
Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar, ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS), sone 2.

Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, per i dag. Vi er i prosess med planer om å lage årsturnus og langvakter for den som ønsker det.

Ved å velje BUAS får du:
💙 Ein variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, godt arbeidsmiljø og kollegaer som støttar og utviklar kvarandre.
💙 Støtte av eiga sjukepleiargruppe som bistår avdelingane etter behov
💙 Gode moglegheiter for fagleg utvikling
💙 Tverrfagleg samarbeid og kompetansedeling
💙 Dyktige og engasjerte  kollegaer i eit godt arbeidsmiljø

Bli ein del av laget vårt! 💙

Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne helsefagarbeidarar velkomne til å søkje. 
 Tilsetting kan skje fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Yte heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar
  • Bidra til å skape ein aktiv og meiningsfull kvardag
  • Samarbeide med pårørande og tverrfaglege team
  • Dokumentere i fagsystem
  • Delta i fagutvikling og rettleiing av kollegaer og elevar/lærlingar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre med anna helsefagleg utdanning kan også søkje
  • Erfaring frå arbeid i eldreomsorga er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Grunnleggande datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst, påliteleg og har god evne til å samarbeide
  • Du har eit stort engasjement for brukarane og faget
  • Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull stilling i eit godt arbeidsmiljø
  • Gode kollegaer med høg fagleg kompetanse
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

 

Kontaktinformasjon

Astrid Hammernes Strømme, Avdelingsleiar BUAS, 95947361, astrid.stromme@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5213487885
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.12.2026

Kontaktpersoner
Astrid Hammernes Strømme
Avdelingsleiar BUAS
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter