Dagleg leiar -- vikariat i Sykkylven IL

Stilling
Dagleg leiar
Lokasjon
Sykkylven
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
23. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Sykkylven IL er eit av dei største idrettslaga i Møre og Romsdal, med om lag 1 300 medlemmar. Vi er eit fleiridrettslag med aktivitet innan fotball, handball, turn og rytmisk gymnastikk, symjing, badminton, e-sport og alpint.

Sykkylven IL søkjer ein engasjert og strukturert dagleg leiar i vikariat fram til april 2028.

Stillinga kan tiltredast omgåande.

Som dagleg leiar blir du eit viktig knutepunkt mellom hovudlaget, gruppene våre, medlemmer, frivillige, sponsorar, kommunen og andre samarbeidspartnarar.

Arbeidsdagen er variert, og du får stor moglegheit til å påverke og utvikle måten vi arbeider på.

Sentrale arbeidsoppgåver
  • Oppfølging av økonomi og rekneskap saman med eksternt rekneskapskontor, samt fakturering og budsjettarbeid

  • Medlemsservice og administrativ støtte til gruppene

  • Søknader om støtteordningar, momskompensasjon og spelemidlar

  • Oppfølging av sponsorar og samarbeidspartnarar

  • Koordinering og støtte ved arrangement og aktivitetar

  • Kommunikasjon, nettside og sosiale medium

  • Bidra til vidare utvikling av tilbod, system og arbeidsprosessar i idrettslaget

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som har god gjennomføringsevne, likar å ha oversikt og trivst med ein variert arbeidskvardag. Du vil ha moglegheit til å utvikle dine ferdigheiter og vokse i rolla.

Du bør vere komfortabel med økonomi og administrative oppgåver, ha gode digitale ferdigheiter og kommunisere godt med ulike menneske.

Du må kunne arbeide sjølvstendig, men samtidig trivast med samarbeid i ein organisasjon der frivillig innsats står sentralt.

Erfaring frå økonomi, administrasjon, prosjektarbeid, organisasjonsarbeid eller idrett er ein fordel.

Det viktigaste er likevel at du er strukturert, løysingsorientert og flink til å få ting gjort.

Vi tilbyr

Ein variert og sjølvstendig jobb med stor kontaktflate og moglegheit til å påverke utviklinga av Sykkylven IL. Vi tilbyr fleksible arbeidstider og eit støttande arbeidsmiljø saman med 2 andre fulltidsansatte.

Du blir ei viktig støtte for gruppene våre og alle dei frivillige som bidreg til aktivitet i idrettslaget.

Vikariatet kan tiltredast omgåande og varer til april 2028.

Løn og andre vilkår etter avtale.

Søknadsfrist: 30.11.26 Kontaktperson: Trond Bonesmo, 9241770, leiar@sykkylven-il.no

Send oss ein kort søknad der du fortel litt om deg sjølv, relevant erfaring og kvifor du kunne tenkje deg å jobbe i Sykkylven IL.

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter