Økonomirådgjevar
Om stillinga
Sveio kommune søkjer ein økonomirådgjevar som ser samanhengar og omset tal til innsikt. Du får ei sjølvstendig og sentral rolle i budsjett-, analyse- og rapporteringsarbeidet, med hovudvekt på oppvekstområdet og oppgåver også innan helse. I tett samarbeid med kommunalsjefen for oppvekst og for helse skal du bidra til heilskapleg økonomisk oversikt og gode avgjerdsgrunnlag for leiinga.
Oppvekstområdet i Sveio omfattar to kommunale- og tre private barnehagar, fem skular, Barn og familie eining og eit kultursenter. Dette er tenester som betyr mykje for barn, unge og familiar i kommunen.
Gjennom faglege vurderingar og råd skal du støtta leiinga i økonomisk oppfølging og prioriteringar. Her får du kombinera sjølvstendig fagleg arbeid med tett samarbeid – og bruka økonomikompetansen din til å skapa gode rammer for viktige tenester til innbyggjarane.
Arbeidsoppgåver
- Ha medansvar for budsjett, rekneskap, rapportering og prosjektoppfølging.
- Bidra med analysar og delta i prosjekt og politisk sakshandsaming innan kommunal forvaltning.
- Arbeida med ressurs- og rammetildeling til den enkelte barnehage og skule.
- Ha medansvar for rapportering i GSI og BASIL.
- Berekna tilskot til private barnehagar.
Gi økonomifagleg støtte og rettleiing til einingsleiarane.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3 årig høgskuleutdanning innan økonomi.
- Anna relevant utdanning kombinert med praksis kan vera aktuelt.
- Relevant arbeidserfaring innan dei aktuelle arbeidsområda er ein fordel.
- Kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og avtaleverk innan områda oppvekst og helse er ein fordel.
- Gode digitale ferdigheiter, kompetanse i avansert bruk av Excel og kjennskap til økonomi- og HR-system.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Nynorsk er skriftspråket i Sveio kommune.
Personlege eigenskapar
- Du samarbeider godt med andre og arbeider sjølvstendig.
- Du arbeider strukturert, nøyaktig og målretta.
- Du har gode analytiske evner og omset økonomisk informasjon til forståelege vurderingar og råd.
- Du tek initiativ og finn løysingar i samarbeid med andre.
- Du prioriterer oppgåver og held oversikt, også i periodar med høgt arbeidstempo.
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerike arbeidsoppgåver i eit engasjert arbeidsfellesskap med høg fagleg kompetanse.
- Høve til å påverka og vidareutvikla det økonomifaglege arbeidet innan oppvekst og helse.
- Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.