Helgestilling Sveio omsorgssenter

Stilling
Helgestilling Sveio omsorgsenter
Lokasjon
Sveio
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
23. nov.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Vi søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter. 

Stillinga er ei fast helgestilling på ca 17 prosent, med arbeid kvar tredje helg.
Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF-prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar
dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere
morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.


Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt
humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til
brukarane våre. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen.
Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. 

Me tek godt imot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette
for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivst og kjenner deg trygg i eininga.
 

Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar:

  • Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. 
  • Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe.
  • Sørbakken: Demensavdeling. 

Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar.
 

Helgestillinga passar godt for deg som ønskjer ein fast og føreseieleg arbeidsrytme ved
sida av studiar eller anna arbeid.
 

Sjå gjerne på Instagramkontoen vår, #SveioOmsorgsenter, med flotte bilete av kvardagen
hjå oss.


Arbeidsoppgåver

  • personleg stell og pleie
  • måltidssituasjonar
  • dokumentasjon og rapportering
  • sjølvstendige oppgåver og tverrfagleg samarbeid
  • bygge gode og hensiktsmessige relasjonar til pasientar og pårørande
  • aktiv deltaking i å skape eit godt arbeidsmiljø
  • andre førefallande oppgåver

Kvalifikasjonar

  • autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • sjukepleiarstudent
  • assistent
  • må levere tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk

Personlege eigenskapar

  • fleksibel og løysingsorientert
  • tek initiativ og kan arbeide sjølvstendig
  • gode samarbeidsevner
  • påliteleg og tek ansvar for vakter og oppgåver
  • set fag, kvalitet og service høgt
  • bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • fast helgestilling på ca. 17%
  • arbeid kvar tredje helg 
  • årsturnus 
  • me finn løysingar som fungerer både for deg og for avdelinga
  • fagleg og personleg utvikling
  • dyktige og inkluderande kollegaer
  • sosiale arrangement og godt arbeidsmiljø
  • god offentleg pensjonsordning
  • tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk

Kontaktpersoner
Anne Kristin Brurberg Olsen
Avdelingsleiar Sveio omsorgssenter
Espen S Skråmestø
Avdelingsleiar administrasjon pleie og omsorg
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter