Verv som fast forsvarar
Det er ledig verv som fast forsvarar ved Sunnmøre tingrett, rettsstad Ålesund, og Frostating lagmannsrett.
Vervet omfattar oppdrag for begge instansar. For tingretten er vervet knytt til den aktuelle rettsstaden, men det må påreknast teneste også ved rettsstad Volda. For lagmannsretten gjeld vervet heile lagsoknet.
Vervet er personleg og inneber plikt til å delta ved behov i helger og ferieperiodar.
Oppnemning til vervet skjer på åremål for seks år, med høve til gjenoppnemning. Gjenoppnemning utover éin periode kan berre skje dersom særlege grunnar tilseier det.
For vervet gjeld ein gjensidig oppseiingsfrist på tre månader.
Øvre aldersgrense for faste forsvararar og faste bistandsadvokatar er 72 år.
Kvalifikasjoner
Ved vurderinga av søkjarane vil det bli lagt vekt på:
- relevant praksis og faglege kvalifikasjonar
- erfaring frå oppdrag som forsvarar og/eller bistandsadvokat
- om søkjaren har kontorstad i rettskrinsen
Det vil i tillegg bli teke omsyn til:
- om søkjaren allereie har verv som fast forsvarar eller fast bistandsadvokat i rettskrinsen eller ved andre domstolar
- om søkjaren har kontorfellesskap med faste forsvararar eller faste bistandsadvokatar
- forhold som kan gi grunnlag for habilitetsutfordringar
Det blir òg vist til punkt 5 i Praksisnotat for antakelse av faste forsvarere og faste bistandsadvokater, samt informasjon om fast forsvarar på domstol.no.
Personlige egenskaper
Det vil bli lagt vekt på personleg eignaheit. Det er ein føresetnad at søkjaren arbeider strukturert og har god evne til å gjere faglege vurderingar og prioriteringar ved gjennomføringa av oppdraga.Kontaktinformasjon
Kirsti Hoegh Bjørneset, Sorenskriver, Sunnmøre tingrett, 70 33 47 00Lars Magnus Bergh, Lagmann, Frostating lagmannsrett, 73 54 24 60
Arbeidssted
Skansekaia 26002 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sunnmøre tingrettReferansenr.: 5188666955
Stillingsprosent: 100%
Annet
Søknadsfrist: 20.10.2026