Båtførar i Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal

Stilling
Båtfører av servicebåt
Lokasjon
Skodje
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. okt.
Få påminnelse
27 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du ha ein av dei mest varierte jobbane på kysten? Som båtførar i Skjærgårdstjenesten får du arbeide med båtoperasjonar, bygging, vedlikehald og utvikling av viktige friluftsområde langs kysten i Møre og Romsdal.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar

Sertifikat som dekksoffiser klasse 6 (D6)

Gyldig tryggleikskurs (STCW)

Førarkort klasse BE (eventuelt vilje til utviding til BE)

Erfaring frå praktisk arbeid innan bygging, vedlikehald, anlegg, handverk eller tilsvarande

Erfaring med drift og vedlikehald av båtar, motorar, maskiner eller teknisk utstyr er ein fordel

Krankurs er ein fordel

Stroppe- og anhukarkurs er ein fordel

Erfaring frå sjørelatert arbeid, naturforvaltning, friluftsliv eller skjergardsteneste er ein fordel

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Grunnleggande digitale ferdigheiter

Vi legg vekt på at du:

Kommuniserer godt på norsk og nyttar tilgjengelege digitale hjelpemiddel

Har god forståing for og identifiserer deg med samfunnsoppdraget vårt: å leggje til rette for eit aktivt, inkluderande og trygt friluftsliv for alle

Trivst med fysisk arbeid utandørs gjennom heile året og i varierande verforhold på nordvestlandet

Arbeider sjølvstendig, tek ansvar og finn gode løysingar når utfordringar oppstår

Har evne til å prioritere, skape struktur og handtere fleire oppgåver samstundes

Har gode samarbeidsevner, både internt og i møte med kommunar, grunneigarar, samarbeidspartnarar og frivillige

Bidreg til eit godt arbeidsmiljø med positiv innstilling, god ordenssans og høgt fokus på tryggleik og sikker gjennomføring av våre oppdrag

Arbeidsoppgaver

Skjærgårdstjenesten er eit driftssamarbeid som tek vare på og utviklar statleg sikra friluftsområde langs kysten. Tenesta arbeider med bygging, tilrettelegging og vedlikehald av anlegg og infrastruktur, skjøtsel av naturområde, transportoppdrag til sjøs og tiltak mot marin forsøpling. Arbeidet omfattar også drift av båtar og teknisk utstyr, oppsyns- og skjøtselsoppdrag for Statens naturoppsyn, samt samarbeid med kommunar, statlege etatar, grunneigarar og frivillige organisasjonar for å sikre gode og tilgjengelege friluftsområde for allmenta i Møre og Romsdal. Som båtførar skal du mellom anna:

Føre arbeidsbåt og gjennomføre oppdrag i skjergarden i Møre og Romsdal

Delta aktivt i praktisk arbeid ute i felt og bidra til sikker og effektiv drift av Skjærgårdstjenesta

Bidra i basisoppgåvene innan utvikling, oppsyn, vedlikehald, renovasjon og strandrydding

Byggje, montere og vedlikehalde anlegg for friluftsliv, til dømes gapahukar, kaianlegg, flytebrygger, kajakkkrybbe og informasjonsskilt

Utføre skjøtselstiltak i friluftsområde, mellom anna rydding av vegetasjon, slått og naturpleie som lyngbrenning

Delta i prosjekt knytta til marin forsøpling, naturforvaltning og sjønært friluftsliv

Representere Skjærgårdstjenesta i møte med kommunar, grunneigarar, frivillige organisasjonar og brukarar av områda

Delta på relevante kurs, samlingar og faglege møte

Delta i arbeidslag saman med tilsette i Skjærgårdstjenesta, Nordmøre og Romsdal friluftsråd og Sunnmøre friluftsråd.

Ta initiativ til utvikling og god praksis

Som tilsett i Skjærgårdstenesta må du rekne med ein del reiseverksemd i fylket.

Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga etter avtale

Vi tilbyr

Hos oss for du:

Ein av dei mest varierte jobbane på kysten

Arbeid i noko av dei flottaste natur- og friluftsområda i Noreg

Meiningsfullt arbeid til beste for fellesskapet og kystnaturen i Møre og Romsdal

Varierte arbeidsdagar med båt, bygging, vedlikehald og naturforvaltning

Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø

Eit breitt fagleg nettverk gjennom samarbeid med Skjærgårdstjenester frå heile Noreg

Gode høve for fagleg utvikling og kurs

Fleksibel arbeidstid, løn etter avtale og medlemskap i KLP

Moglegheit for friluftstrening i arbeidstida

Bedriftshelseteneste

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter