Byggingeniør søkes til vasskraftprosjekt og VTA-rolle

Stilling
Byggingeniør
Lokasjon
Stord
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
03. des.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du vera med å bygga framtidas fornybare kraft, samt ta ansvar for sikkerheita ved vassdragsanlegga våre?

Sunnhordland kraftlag (SKL) søker ein byggingeniør som vil jobba med utbyggings- og rehabiliteringsprosjekt innan vasskraft, og som på sikt skal ta rolla som vassdragsteknisk ansvarleg (VTA).

SKL er i gang med eit av dei største utbyggingsprosjekta i Noreg innan vasskraft, Blåfalli Fjellhaugen kraftverk.

Du får ein sentral plass i eit høgt kompetent prosjektmiljø.

I starten vil hovudvekta liggja på prosjektarbeid, med byggeleiing og oppfølging av entreprenørar.

Parallelt får du opplæring og tett oppfølging i SKL si VTA-gruppe, slik at du byggjer opp den erfaringa som trengst for å bli godkjent VTA av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Arbeidsoppgåver i prosjekt
  • Byggeleiing på entreprisekontraktar innan grunnarbeid (tunnel) og betongarbeid

  • Oppfølging av entreprenør når det gjeld sikkerheit, kvalitet og spesifikasjonar i samsvar med kontrakt (NS 8405/8406/8407)

  • Bistå prosjektleiar med kontraktsoppfølging, målebrev, kvalitetsdokumentasjon og endringshandtering jf NS3420 Beskrivelsestekstar

  • Koordinering mot tilgrensande fagområde, og fagleg støtte til tekniske løysingar

  • Delta i prosjekt- og byggemøte

Arbeidsoppgåver VTA (gradvis opptrapping)
  • Følga opp lovpålagde krav i damsikkerheitsforskrifta og pålegg frå NVE

  • Halda internkontrollsystemet for vassdragsanlegg oppdatert

  • Sjå til at SKL etterlever krav til planlegging, prosjektering, bygging og revurdering av anlegga

  • Delta i vedlikehalds- og rehabiliteringsprosjekt på dammar og vassvegar

  • Som godkjent VTA vil du ha fagansvar for eksisterande vasskraftanlegg, anlegg under utvikling og bygging, samt inngå i SKL si VTA-gruppe.

Me ser etter deg som
  • Har minimum bachelor ingeniør innan byggfag med fag som betongfag, statikk, geologi, geoteknikk eller konstruksjonsteknikk.

  • Har erfaring frå entreprenør-, rådgjevar- eller byggherreverksemd

  • Kjenner til og har brukt Norsk Standard i kontraktsarbeid

  • Har interesse for vasskraft, damsikkerheit og omstillinga i energisektoren

  • Ønskjer å utvikla deg mot VTA rolla.

  • Det er ein fordel om du allereie er godkjent VTA, men det er ikkje eit krav

  • Beherskar norsk flytande, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Du jobbar sjølvstendig, systematisk og strukturert, med høge krav til orden

  • Du trivst med ansvar og set pris på ein arbeidsdag i fjellet

  • Du har høg etisk standard og legg vekt på SKL sine verdiar og retningslinjer

Hos oss får du
  • Ein meiningsfylt jobb i eit samla og sterkt team som jobbar på tvers av faggrupper

  • Ein viktig rolle i gjennomføringa av fleire store vasskraftprosjekt

  • Ein tydeleg utviklingsveg mot VTA, med opplæring og fagleg oppfølging

  • Konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidsordning og gode personal- og velferdsordningar

Om du blir tilbydd jobben, vil det bli utført bakgrunnssjekk i samsvar med Kraftberedskapsforskriften.

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter