BUA Sunnfjord søker tilkallingsvikar til vintersesongen

Stilling
Tilkallingsvikar på BUA
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Engasjement
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
9 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du serviceinnstilt, glad i aktivitet og på utkikk etter ein spennande ekstrajobb? Då kan du vere den vi ser etter!
BUA søkjer ein positiv og engasjert medarbeidar til vintersesongen frå desember 2026 til mars 2027, med moglegheit for vidare arbeid i 2027.
Hos BUA jobbar vi for at alle skal ha moglegheit til å delta i leik, idrett og friluftsliv, uavhengig av økonomi. Som medarbeidar hos oss vil du bidra til å skape gode opplevingar for lånarane våre.

Vi søker:

  • tilkallingsvikar

Krav til søkar:

  • du må ha fylt 16 år
  • snakke godt norsk

Arbeidstid: 

Arbeid vil vere etter behov, hovudsakleg innanfor opningstidene våre på kveldstid og i helgane:

I dag har vi ope
• Måndagar: kl. 15.30–18.30
• Laurdagar: kl. 10.00–12.00

Det kan bli endring i opningstider. I feriar kan det verte utvida opningstider.

Arbeidsoppgåver: 

  • halde BUA open og ta imot besøkande
  • rettleie lånarar og hjelpe dei med å finne rett utstyr
  • registrere utlån og innlevering av utstyr
  • ta imot, kontrollere og setje på plass innlevert utstyr
  • bidra til å halde lokala ryddige og oversiktlege

Vi ser etter deg som: 

  • er sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik
  • er positiv, imøtekomande og serviceinnstilt
  • er påliteleg og møter til avtalt tid
  • likar å hjelpe andre
  • gjerne har interesse for eller kunnskap om ski og vinteraktivitetar. Dette er ein fordel, men ikkje eit krav.

Vi tilbyr: 

  • ein variert og meiningsfull ekstrajobb
  • kjekke medarbeidarar å sparre med
  • verdifull arbeidserfaring
  • moglegheita til å bidra til eit inkluderande og aktivt lokalsamfunn
  • moglegheit for vidare arbeid etter vintersesongen

Høyrest dette ut som noko for deg? Send oss ein kort søknad der du fortel litt om deg sjølv og kvifor du ønskjer å jobbe hos BUA.
Send søknad og cv til buasunnfjord@sunnfjord.kommune.no

Ta kontakt med Guro Askeland på telefon 47645164 om du har spørsmål til stillinga.
Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

Kontaktpersoner
Guro Askeland, driftsansvarleg BUA Sunnfjord
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter