Sande omsorgssenter har ledig fast 100 % stilling som

Stilling
Sjukepleiar
Lokasjon
Sande I Sunnfjord
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
27. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca. 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.

Er du nyutdanna sjukepleiar og ikkje heilt har bestemt deg for arbeidsplass enno? Eller er du ein erfaren sjukepleiar som kan tenke deg å prøve noko nytt.? Då bør du søke på Sande omsorgssenter. Vi kan tilby eit arbeid med mykje glede, ansvar og faglege utfordringar. 

Vi har ledig

  • 100 % fast stilling som sjukepleiar

Som sjukepleiar har du ansvar for sjukepleie til avdelinga sine pasientar og du arbeider tverrfagleg i team. Du skal som pasientansvarleg sjukepleiar vere pasienten sin kontakt og talsperson, ha ansvar for å sikre kontinuitet, fagleg forsvarleg praksis, kvalitet i tenesta og koordinere tenestetilbodet.

Vi søker deg som:

  • har ønske og glede av å arbeide med mennesker med ulike hjelpebehov
  • har eit fagleg engasjement og vil utvikle gode tenester
  • evner å jobbe både sølvstendig og i team
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonskrav

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr: 

  • drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
  • pasientnært og fagleg fokus
  • rekruttering- og stabiliseringtillegg på kr 35 000,- per år
  • kompetanstetillegg for relevant vidareutdanning
  • moglegheit for langvakter

Vi har prøvd ut langvakter og har god erfaring med det. Det er høve til å kombinere langvakt og kortvakt. Vi tilpassar turnusen så langt det let seg gjere etter behov. Går ein langvakt i helgar er det arbeid kvar 4.helg. Ved kortvakter i helgar er det arbeid kvar 3.helg.

Søkar må kunne legge fram gyldig politiattest utan merknader før start i stilling. 

Du søker elektronisk. 

Vi ser fram til å høyre frå deg, velkommen som søkar!

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter