Det er ledige stillingar på Skei omsorgssenter
Vil du vere med å forme framtida for omsorgstenestene i Sunnfjord?
Skei omsorgssenter søkjer fleire engasjerte kollegaer!
Skei omsorgssenter er ein moderne og fagleg sterk institusjon med tre avdelingar.
Rehabiliteringsavdeling med 7 rehabiliteringsplassar og 1 palliativ plass
Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass
Skjerma eining med 7 plassar for personar med demens
Vi er ein aktiv del av ressurs-sjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, vi driv Sunnfjord kommune si rehabiliteringsavdeling, og vi har integrerte velferdsteknologiske løysingar som støttar kvardagsmeistring og trygge pasientforløp.
Hos oss jobbar vi målretta for å vere ei levande og framtidsretta teneste, der fagutvikling står sentralt.
No søkjer vi deg som vil vere med å løfte oss vidare.
Kommunen gjev 35 000 over grunnløn for sjukepleiarar.
Vi har årsturnus, og for dei som ynskjer det er det mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg.
Ledige stillingar:
- 100 % fast stilling for sjukepleiar. Ledig frå 01.12.2026
- 100 % fast stilling for helsefagarbeidar. Ledig frå 01.01.2027
- helgestillingar på 14 % - 30 % for helsefagarbeidar. Ledig frå snarast. Her kan du velge mellom 7,5 timers eller 12,5 timers vakter.
Andre med interesse for faget kan søke, og vert då tilsett i mellombelse stillingar.
Krav til søkar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
- Gyldig politiattest
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi søker deg som:
- er fleksibel, positiv og likar utfordringar
- er engasjert, trygg og sjølvstendig i vurderingar
- fungerer godt i team
- trivst med å jobbe med menneske og er oppteken av omsorg
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- har motivasjon til å lære, utvikle deg og bidra til fag- og tenesteutvikling
- skapar trivsel rundt deg og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- er nytenkjande, kreativ og open for utvikling
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde.
Vi kan tilby:
- engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande arbeidsmiljø
- eit sterkt fagmiljø tett på pasientane
- varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- ekstra godtgjering for sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar i institusjon
- moglegheit for alternativ turnus med langvakter
- tilsetjing etter gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her