Barnehagane i Sunnfjord har ledige stillingar

Stilling
Pedagogisk leiarar og barnehagelærar
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
12. nov.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med på å skape ein trygg, leiken og lærerik kvardag for barna våre? Sunnfjord kommune har ledige stillingar som pedagogar. 

Vi søkjer engasjerte og tydelege pedagogar til mellombelse stillingar i barnehagane våre. Som pedagog får du hovudansvaret for å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tråd med barnehagelova og rammeplanen. Du vil leie og rettleie teamet ditt, og samarbeide tett med foreldre og resten av fagmiljøet i barnehagen for å sikre eit inkluderande og godt oppvekstmiljø.

Vi har ledige stillingar i følgande barnehagar:

 

Bygstad barnehage:

  • 100 % stilling som pedagogisk leiar, vikariat i perioden 01.01.2027 - 15.08.2027

For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anne Jorunn Fauske, tlf. 970 53 654, eller på e-post anne.jorunn.fauske@sunnfjord.kommune.no 

 

Skei barnehage 

  • 100 % stilling som pedagog ,vikariat i perioden 01.01.2027 - 31.07.2027 (20 % som pedagogisk leiar og 80 % som barnehagelærar)

For meir opplysningar, ta kontakt med konstituert einingsleiar Anne-Sofie Fonn Nilsen. tlf. 994 85 240, eller på e-post anne-sofie.fonn.nilsen@sunnfjord.kommune.no

 

Tilsetting skjer med atterhald om fortrinnsrett for kvalifiserte søkarar i kommunen, jf. arbeidsmiljølova og gjeldande avtaleverk.
 

Barnehagane kan tilby deg:

  • god oppfølging av nytilsette
  • deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
  • systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon
  • tillegg som pedagogisk leiar
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Kvalifikasjonar:

  • du er utdanna som barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar
  • du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn
  • du har gode evner til å leie barn og vaksne
  • du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
  • du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
  • beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg

Søkar må søkar legge fram gyldig politiattest utan merknad før tilsetting.

Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen håpar vi du vil søke på stilling i våre barnehagar!

For meir informasjon om dei ulike barnehagane sjå Sunnfjord kommune si heimeside. 

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter