Naustdal omsorgssenter har ledig stilling som

Stilling
Helsefagarbeidar
Lokasjon
SUNNFJORD
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. nov.
Få påminnelse
25 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ønsker du ein arbeidskvardag der du får brukt fagkompetansen din, jobbe tett på pasientane og vere del av eit inkluderande og fagleg sterkt team?

Vi søker no ein engasjert helsefagarbeidar til vårt team. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap, samarbeider godt og jobbar saman for å skape gode dagar for pasientane våre.

Vi tilbyr 3-delt turnus med moglegheit for langvakter på 12,5 timar og arbeid kvar 4. helg. Dette gir høve til lengre friperiodar og god balanse mellom jobb og fritid. 

Vi er opptekne av kvalitet, fagutvikling og gode pasientopplevingar. Kvar dag arbeider vi for å skape tryggleik, meistring og gode augeblikk for pasientane våre. Du får høve til å byggje relasjonar til pasientar og pårørande og vere med på å gjere ein positiv forskjell i kvardagen deira.

Vi har ein variert og aktiv arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like. Hos oss må du trivast med å prioritere oppgåver, samarbeide godt med kollegaer og finne gode løysingar når situasjonar endrar seg.

Du blir ein viktig del av eit fagmiljø der helsefagarbeidaren si kompetanse blir verdsett og får rom til å kome til sin rett.

Vi har ledig:

  • 100 % fast stilling som helsefagarbeidar 

Arbeidsoppgåver:

• gi dagleg stell, pleie og omsorg til pasientar med ulike behov og diagnosar
• observere, vurdere og følgje opp pasientar med fokus på personsentrert omsorg
• bidra til aktivitet, trivsel og gode opplevingar i pasientane sin kvardag
• dokumentere og følgje opp tiltak og behandlingsplanar
• samarbeide tett med pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar
• delta aktivt i kvalitets- og fagutviklingsarbeid
• vere ein viktig del av primærgruppeteam og andre ressursoppgåver 

 

Kvalifikasjonar:

• norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
• gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
• grunnleggande IKT-kunnskapar

 

Vi ser etter deg som:

• har interesse og engasjement for eldreomsorg
• ønsker å bidra til gode dagar for pasientane våre
• er fagleg engasjert og open for ny kunnskap
• tek ansvar og er påliteleg
• trivst med både sjølvstendig arbeid og teamarbeid
• bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
• trivst i ein aktiv arbeidskvardag og evnar å prioritere oppgåver når det er mykje å gjere
• bevarer ro og fagleg fokus i hektiske situasjonar
• er løysingsorientert, fleksibel og trygg i møte med utfordringar 

 

Hos oss får du:

• jobbe saman med flinke og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
• vere ein viktig del av eit fagmiljø der helsefagarbeidaren si kompetanse blir verdsett og brukt aktivt
• vere tett på pasientane og utgjere ein forskjell i kvardagen deira
• moglegheit til å påverke og utvikle tenesta
• opplæring som gir ein trygg start
• gode ordningar for kurs, etter- og vidareutdanning
• kompetansetillegg for relevant tilleggs- og vidareutdanning
• moglegheit for langvakter og samla langfri etter ønske
• rekrutteringstillegg på kr 7 000 i 100 % stilling

 

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat dersom du vil vite meir om stillinga.

Du søker elektronisk.

Politiattest må leverast før oppstart.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter