Sunde skule har ledig stilling for
Sunde skule er ein barneskule i Sunnfjord kommune med om lag 150 elevar. Vi arbeider for å skape eit trygt, inkluderande og læringsfremjande miljø der alle elevar opplever meistring, utvikling og tilhøyrsle.
Tilsette ved skulen samarbeider tett for å gi elevane ein trygg, god og meiningsfull skulekvardag.
Vi har ledig:
- 100 % vikariat for fagarbeidar eller assistent frå 01.01.2027 - 31.07.2027
Stillinga følger skuleåret. Lønsprosenten vert 89 %.
Om stillinga:
Vi søkjer ein engasjert medarbeidar til arbeid i skule og SFO. Stillinga inneber tett oppfølging av elevar med særskilde behov, mellom anna elevar med autismespekterforstyrring (ASF).
Arbeidsoppgåvene omfattar:
- dagleg oppfølging og støtte til elevar i undervisning og friminutt
- bidra til tryggleik, meistring og sosial utvikling
- støtte elevane i kommunikasjon og samhandling med andre
- samarbeid med lærarar, føresette og andre fagpersonar
- deltaking i SFO-tilbodet
Vi ser etter deg som trivst med å arbeide tett på enkeltelevar og bidra til tryggleik, kommunikasjon, meistring og utvikling i skule og SFO.
Kvalifikasjonar:
- barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar og andre med interesse for faget
- god munnleg og skriftleg framstillingevne på norsk
- godkjent politiattest av ny dato må leggjast fram før tiltreding
- har god fysisk form som gjer deg i stand til å følgje opp elevane gjennom ein aktiv skulekvardag
Det er ein fordel om du har:
- erfaring frå arbeid med elvar med autismespekterforstyrring (ASF)
- erfaring med alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
- erfaring frå arbeid i skule, SFO eller liknande verksemd
Vi søker deg som:
- har interesse for og motivasjon til å arbeide med elevar med særskilde behov
- møter utfordrande situasjonar på ein roleg, trygg og profesjonell måte
- har gode samarbeidsevner og samtidig arbeider sjølvstendig og strukturert
- er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:
- eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø
- meiningsfulle arbeidsoppgåver der du kan gjere ein forskjell for elevane
- samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer
- løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her