Pedagogisk leiar

Stilling
Pedagogisk leiar
Lokasjon
Sand
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
19. okt.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med og skape ein god stad å vera, leika og læra?

Sand barnehage søkjer ein engasjert pedagogisk leiar i 100 % vikariat frå 01.01.2027 - 31.12.2027. Me ynskjer ein medarbeidar som brenn for barns utvikling, leik og læring, og som vil bidra til eit trygt, inkluderande og inspirerande barnehagemiljø.

Om Sand barnehage

«Du er viktig for oss!»

I Sand barnehage skal alle barn og vaksne oppleve tryggleik, omsorg, vennskap og meistring. Me legg til rette for leik, læring og utvikling i eit inkluderande fellesskap der kvart barn blir sett, høyrt og verdsett.

Våre satsingsområde

· Leik, leikemiljø og prosjektarbeid som arbeidsmetode

· Trygt og godt barnehagemiljø

· Fellesskap, mangfald og inkludering

· Relasjonskompetanse

· Språk og kommunikasjon

Arbeidsoppgåver

· Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet på avdelinga

· Sikre eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø

· Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere pedagogisk arbeid

· Vere ein aktiv deltakande vaksen i leik og aktivitet saman med barna

· Rettleie og støtte medarbeidarar i det daglege arbeidet

· Samarbeide tett med føresette

· Delta i tverrfagleg samarbeid med aktuelle instansar

· Bidra til utvikling av barnehagen som lærande organisasjon

Kvalifikasjonar

· Godkjend barnehagelærarutdanning

· Leiarerfaring eller erfaring frå pedagogisk arbeid i barnehage er ønskjeleg

· God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

· Digital kompetanse

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

· Er varm, tydeleg og relasjonssterk

· Har engasjement for barns leik og læring

· Er strukturert og løysingsorientert

· Kan motivere og inspirere kollegaer

· Er fleksibel og samarbeidsvillig

· Tek ansvar og viser initiativ

Me tilbyr

· Eit godt arbeidsmiljø med høgt fagleg engasjement

· Dyktige og støttande kollegaer

· Faste møtearenaer for fagleg utvikling

· Moglegheit til å påverke og utvikle barnehagen

· Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

Kraftlaget – kva får du hos oss?

Arbeidsmiljø

Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.

Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.

Fleksibilitet og kvardagsliv

Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.

· Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner

· Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner

· Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner

Utviklingsmoglegheiter

Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.

Bu i Suldal

Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.

Hjå oss i Suldal kommune får du:

· Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

· Engasjerte og dyktige kollegaer

· Bedriftshelseteneste

· Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff

· Nynorsk som administrasjonsspråk

· Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette

Andre opplysningar:

· Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju

· Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar

· Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa

· Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste 

 

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter