Likar du å jobbe med barn ?
Stilling
Barne- og ungdomsarbeidar
Lokasjon
Erfjord
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar, - frå mindre barnehagar med minstetal 6 plasser, til oppvekstsenter og større einingar med over 80 plasser - alle med sine eigne kvalitetar.
Stølane barnehage ligg i Erfjord, i Stølane byggefelt. Me er 44 barn og 16 tilsette fordelt på 3 avdelingar. Me har flott natur i nærområdet, med sjø og skog som me nyttar oss av i kvardagen. Me er opptekne av å skapa gode fellesskap, finna ro i kvardagen, språk og lesing, ta vare på naturen rundt oss og sunn og god mat som gjer kroppen godt.
Me jobbar saman mot målet:
«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»
Om stillinga:
- Stillingsstorleik: opp til 150%
- Stillingtype: Vikariat
- Stilling ledig frå: 01.01.2027 til og med nytt barnehageår.
Jobben vil blant anna innebera:
- Delsansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
- Omsetja teoretisk kunnskap i praksis.
- Delansvar for vurdering og dokumentering.
- Arbeid med barn ute og inne.
Kvalifikasjonar:
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Andre med arbeidserfaring innan barnehage kan og søkja.
Me søkjer deg som er:
- Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
- Oppteken av å søkje kunnskap ilag med barn.
- Bidreg til eit positivt læringsmiljø.
- Har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn.
- Tilstadeverande og fagleg interessert.
I tillegg ønskjer me at du har:
- Eit positivt menneskesyn.
- Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
- Evne til å inspirera og motivera kollegane dine
- Evne til å jobba målretta, og likar å sjå reusltat av jobben din.
- Erfaring frå arbeid i barnehage.
Kva kan me tilby:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Andre opplysningar:
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Det er krav om godkjenning politiattest etter gjeldande lovverk ved tilrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Me etterspør dokumentasjon og attestar frå tidlegare arbeidsforhald ved innkalling til eit eventuelt intervju. Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg til søknaden
- Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett må ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Gerd Haugsland Kolstø
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.