Vil du vere ein del av hjarta i Suldal kommune
Konsulent/spesialkonsulent 100 % fast stilling
Organisasjon og innbyggarkontakt (OI) søkjer ein engasjert og strukturert konsulent/spesialkonsulent i 100 % fast stilling. Dette er ei stilling for deg som trivst med varierte arbeidsoppgåver, likar å ha orden og oversikt, og ønskjer å bidra til at kommunen leverer gode tenester.
Hjå oss får du ein variert arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø,
«Det beste med jobben min er å jobbe saman med fantastiske kollegaer. Eg likar at jobben er variert, og at eg får lære nye ting og utvikle meg både fagleg og personleg. Det gjer jobben både interessant og meiningsfull.» Kollega i Organisasjon og innbyggarkontakt.
Kva skal du jobbe med?
Arbeidsoppgåvene omfattar:
- administrativ støtte til einingsleiarar innan blant anna helse og oppvekst
- personalmeldingar og andre merkantile oppgåver
- fakturering og oppfølging av refusjonar
- personvern (personvernombod for Suldal kommune)
- arbeid i ulike fagsystem, blant anna i sak og arkivsystemet vårt Elements
- oppfølging av rutinar og administrative prosessar
- postføring, journalføring og kvalitetssikring
- andre administrative oppgåver ved behov
- Arbeidsoppgåvene kan utvikle seg og bli endra i takt med kommunen sine behov.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som:
- har relevant høgare utdanning, gjerne innan administrasjon, økonomi eller offentleg forvaltning
- har god digital forståing og lærer nye system raskt
- kommuniserer godt på norsk, både skriftleg og munnleg (minimum nivå B2)
- er strukturert, nøyaktig og serviceinnstilt
Det er ein fordel om du har kjennskap til:
- offentlegheitslova og arkivregelverket
- personvern og teieplikt
- kommunal organisering og saksbehandling
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- arbeider systematisk og har orden i arbeidet
- tek ansvar og føl opp oppgåver på ein påliteleg måte
- trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre
- er løysingsorientert, fleksibel og serviceinnstilt
- tek initiativ og handterer fleire oppgåver samstundes
- Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Kvifor velje oss?
I Organisasjon og innbyggarkontakt er trivsel, samarbeid og utvikling ein naturleg del av kvardagen. Me hjelper kvarandre, deler kunnskap og finn løysingar saman.
Hjå oss får du:
- eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- moglegheit for fagleg utvikling
- fleksitidsordning
- gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- arbeidsplass sentralt plassert i kommunehuset på Sand
Praktisk informasjon
Stilling: Konsulent/spesialkonsulent
Stillingstype: Fast
Stillingsstorleik: 100 %
Oppstart: 1.januar 2027
Vil du vite meir?
Høyr gjerne på podkasten Kraftlaget, der du møter medarbeidarar og leiarar i Suldal kommune og får eit innblikk i arbeidskvardagen vår. Første episode handlar om OI.
Send søknaden ved å gå inn på knappen "søk her".
Me gler oss til å høyre frå deg og ønskjer deg velkomen som søkjar i Suldal kommune.
Link til søknadsskjema: Søk her