Geilneset har ledige nattevaktstillingar. 

Stilling
Ledige stillingar Geilneset
Lokasjon
Langevåg
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
03. nov.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagane. Kanskje er du vår nye kollega?

Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte, dyktige og robuste medarbeidarar- og søkjer deg med autorisasjon som helsefagarbeidar.

Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar.  I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar og arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.


Vi har ledig:


Geilneset 11:

1x 84% fast nattevaktstilling som autorisert helsefagarbeidar. Stillinga er ledig frå snarast.

1x 84 % vikariat på natt som autorisert helsefagarbeidar. Ledig frå snarast og til og med 22.08.27.

 

Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.

Geilneset 11 er ei avdeling som gir heildøgnstilbod til menneske med samansette funksjonsvariasjonar i bustadar for vaksne.

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Arbeidstida er lagt til ein fast turnus på natt med 10,5- timarsvakter og arbeid kvar 3. helg.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet består i personleg bistand  til alle dagleglivets gjeremål.
  • Ha evne til å sjå alle som individuelle menneske og fremje den enkelte sine ressursar. 
  • Det vert vektlagt personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere uførutsette situasjonar.
  • Medikamenthandtering og oppfølging av medisinske prosedyrar
  • Dagleg dokumentasjon og journalføring.
  • Yte fagleg forsvarleg tenester til det beste for bebuarane i tråd med kommunen sitt arbeid og tilsetjingsreglement, mål og verdiar
  • Sikre ro, tryggleik og eit godt fysisk og psykososialt miljø gjennom natta. 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer personar med gyldig autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Erfaring frå liknande arbeid er føretrekt.
  • Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk.
  • Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan.
  • Datakunnskap.
  • Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
  • Krav om førarkort klasse B.
  • Politiattest. 
  • Oppgje referanse.

Personlege eigenskapar

  • Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med menneske.
  • Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tole stress. 
  • Arbeide systematisk etter rutinar. 
  • Bidra til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving. 
  • Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit positivt og engasjert fagmiljø.
  • Kompetanseheving og fagleg utvikling.
  • Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
  • 20 års ansiennitetsstige
  • God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
  • Lokalt tillegg for helsepersonell. Kr 6500 for helse- og/eller sosialfagleg utdanning, kr 5000 for helsefagarbeidar ( justerast etter stillingsprosent).
  • Lokalt tillegg for arbeid på helg. Sjukepleiar/ vernepleiar kr 8000 pr. år, andre kr 4000 pr. år. 

Kontaktinformasjon

Camilla Vee, Einingsleiar, +47 95710251, camilla.vee@sula.kommune.no
Charlotte Vik, Avdelingsleiar, 95710246, charlotte.vik@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Geilneset 11
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5194122389
Stillingsprosent: 84%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 03.11.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter