Fastlegevikariat
Vi søkjer deg som vil bli ein del av vårt team.
Sula kommune har ledig fastlegevikariat tilknytt kommunelegekontoret frå 01.02.2027 til 13.03.2028. Det er ein avtale med listetak på 600, men den er ikkje full. Anna tidspkt for oppstart kan avtalast.
Kommunelegekontoret har i dag 11 fastlegar og ein LIS1-lege. Nesten alle fastlegane er spesialistar i allmennmedisin. Ein har også dyktige medarbeidarar i form av helsesekretærar og sjukepleiarar. Kontoret har fokus på godt samarbeid, god kompetanse og tenesteutvikling alt for at både pasientar og medarbeidarar skal trivast på kontoret.
Driftsforma er basert på næringsdrift som hovudmodell der legen betaler leige til kommunen for lokaler, utstyr og personell m.m. Fastlegar med driftsavtale får utbetalt basistilskotet og betalar husleige til kommunen berekna etter listetal (8.2-avtale). Ingen av legane har ansvar for generell drift og personalansvar, det er det kommunen som tar seg av.
Kommunelegekontoret har hatt stabil legedekning i lang tid, og det har jevnlig blitt oppretta nye avtalar. Gjennomsnittleg listelengde er ca 900. Fastlegane samarbeidar godt og bistår kvarandre med faglege vurderingar av pasientar. Det er viktig for kommunen å tilby gode arbeidsvilkår tilpassa ulike livssituasjonen for legen.
Ta gjerne kontakt om du ønskjer meir informasjon
Arbeidsoppgåver
Klinisk praksis på eiga liste, og generell kollegeal fråværsdekning
Offentlege legeoppgåver kan bli tilplikta, med inntil 7,5 time pr veke, etter nærare avtale med kollegar og kommunen.
Deltaking i interkommunal legevakt på kveld, natt og helg lokalisert like ved Ålesund sjukehus, legane deltar i vaktordninga.
Kommunen har organisert daglegevakt, vaktbelastninga blir fordelt på alle legane i kommunen
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon
LIS1, eller tilsvarande, må vere gjennomført og godkjent
Andre relevante faglege kvalifikasjonar og relevant erfaring vil bli vurdert, sett i lys av å utfylle den totale kompetansen blant fastlegane i kommunen.
Fagleg oppdatert på relevant kunnskap
Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftlig
Må ha sertifikat klasse B og kunne disponere bil
Politiattest
Personlege eigenskapar
Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
Du er fleksibel, engasjert og motivert for jobben
Du har evne til å jobbe i eit hektisk miljø, der ingen veit kva dagen bringer
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne.
Vi tilbyr
Kommunen er registrert utdanningsverksemd for ALIS
Kommunen vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin, LIS3
Rettleiing og supervisjon frå erfarne fastlegar
Legekontoret brukar KI generert taleverkty til journalføring.
Heimekontorordning i samsvar med lokal avtale
Godt samarbeid mellom fastlegane og administrasjonen i kommunen.
Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar som har fokus på tenesteutvikling
Godt tverrfaglig samarbeid med dei andre tenestene i kommunen.
Gratis parkering
Kontaktinformasjon
Grethe Øen, Einingsleiar, 93821014, grethe.elise.gjorvad.oen@sula.kommune.noRim Hammer, Fastlege, rim.hammer@sula.kommune.no
Øystein Mjelde Aasen, HTV DNL / Fastlege, øystein.mjelde.aasen@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Stadsnesvegen 9b6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5202947812
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 13.03.2028
Søknadsfrist: 22.11.2026