Autorisert sjukpeiar 82% stilling, vikariat

Stilling
Autorisert sjukpeiar 82% stilling, vikariat
Lokasjon
Langevåg
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
18. nov.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

*Heimetenesta ytre Sula har base ved Stadsnesvegen 9b i sentrum av Langevåg, 20 min. å kjøre frå Moa. Avdelinga har omlag 22 årsverk, og dekker området vest for Veddefabrikken.

*Avdelinga har ledig eit vikariat for sjukepleiar i perioden 1.1.27-22.08.27. Vi kan vere fleksibel på oppstart, og ekstravakter kan påreknas om ønskeleg.

*2 delt turnus med arbeid kvar 3 helg. Arbeidstid mellom 08.00-22.00


Arbeidsoppgåver

* Vi yt sjukepleie, praktisk og personleg bistand til heimebuande etter vedtak, og avdelinga har brukarar i alle aldersgruppe.

* I heimetenesta får du arbeide sjølvstendig, og arbeidet er både spanande og fagleg utfordrande. Arbeidet består i alt frå stell, sjukepleieprosyre og medisinering til terminalpleie i tett og god dialog med fastlegane.

* Avdelinga har godt omdøme og god fagkunnskap å lære vekk, så ikkje bli skremd frå å søke om du er ny. Ta gjerne ein telefon eller ein tur innom om du lure på om dette kan vere stillinga for deg.

Kvalifikasjonar

* Autorisert sjukepleiar med datakunnskap og gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

* Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein stabil, fleksibel, tolmodig og pliktoppfyllande kollega med god framferd.

* Du må like å arbeide med menneske med ulike utfordringar

* Du må vere ressurs og løysingsorientert, ha evne til å arbeide både sjølvstendig å i team

* Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendigar. Arbeidet kan vere fysisk belastande.

*Personlege eigenskapar vert vektlagd

* Krav om førarkort

* Oppgje referanse

Vi tilbyr

* I tillegg til tariffløn har kommunen eit generelt tillegg på 6500,- for sjukepleiarar + 8000 ekstra som kompensasjon for arbeid på helg

* Frå løna vert det trekt 2% til  pensjonsordning

* Tilsetting på vanlege kommunale vilkår

* Eit stabilt og godt arbeidsmiljø med god fagkompetanse. Ein sosial gjeng både på arbeid og på fritida.

* Vi har fine arbeidslokale og gratis parkering

*Arbeidskle

*Opplæring

* Vi nyttar kommunale bilar i tenesta

Kontaktinformasjon

Solgunn Eide , Avdelingsleiar, 95710263, Solgunn.Eide@sula.kommune.no
Torunn Veddeng, Einingsleiar, +47 95710262, torunn.veddeng@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Stadsnesvegen 9B
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5205128477
Stillingsprosent: 82%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 22.08.2027
Søknadsfrist: 18.11.2026

Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter