Sjukepleiar / helsesekretær ved Stryn legekontor - 100% vikariat
Vil du vere med og utvikle framtidas primærhelseteneste i Stryn kommune?
Ved legekontoret har vi ledig eit 100 % vikariat frå medio februar 2027 og ut året. Vi søkjer primært etter ein autorisert sjukepleiar, men dersom det ikkje melder seg kvalifiserte sjukepleiarar, vil autoriserte helsesekretærar med relevant erfaring bli vurderte for stillinga.
Vi ser etter ein engasjert, fagleg trygg og serviceinnstilt medarbeidar som trivst med varierte arbeidsoppgåver, samarbeid på tvers av faggrupper og tett kontakt med pasientar. Du vil bli ein del av eit kompetent og inkluderande arbeidsmiljø med fokus på kvalitet, utvikling og gode tenester for innbyggjarane våre. Arbeidsoppgåvene er baserte på stillingsomtalen for sjukepleiar ved legekontoret. Ved tilsetting av helsesekretær vil arbeidsoppgåvene bli justerte.
Arbeidsoppgåver
- Ta imot og følgje opp førespurnadar i ekspedisjon, på telefon og digitalt
- Pasientoppfølging i samarbeid med fastlegane
- Laboratoriearbeid, prøvetaking og journalføring
- Sårstell, injeksjonar og assistering ved undersøkingar, inngrep og akutte situasjonar
- Delta i legevaktoppdrag ved behov
- Bidra til kvalitetsutvikling, opplæring og vidareutvikling av tenesta
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsesekretær
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg (minimum nivå B2)
- Gode digitale ferdigheiter
- Erfaring frå legekontor, kommunehelseteneste eller akuttmedisinsk arbeid er ein fordel
- Kjennskap til pasientadministrative system er ønskjeleg
Vi søkjer primært autorisert sjukepleiar. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte sjukepleiarar, vil autoriserte helsesekretærar med relevant erfaring kunne bli vurderte for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert
- Fleksibel og omstillingsdyktig
- Evne til å handtere høgt arbeidstempo
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei variert og spennande stilling i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Tett samarbeid med fastlegar og andre faggrupper
- Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjingsvilkår
- 100 % vikariat med oppstart etter avtale
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Politiattest må leggjast fram før tiltreding
Søknad
Stryn kommune ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Velkomen som søkjar til ein spanande og viktig jobb i Stryn kommune!
Nedskriving av studielån gjennom Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For
tida kr 25.000,- for buande i Stryn kommune.
Kontaktinformasjon
Mona Helen Kile, Einingsleiar helsetenester, 95733547Arbeidsstad
Setrevegen 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5213504615
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 10.12.2026