Rektor Oppstryn skule og barnehage 

Stilling
Rektor Oppstryn skule og barnehage
Lokasjon
Stryn, Hjelledalen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
18. okt.
Få påminnelse
24 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du vår nye rektor ved Oppstryn skule og barnehage ? 
Vi søkjer ein leiar som ønskjer å vidareutvikle eit samla oppvekstsenter med fokus på læring, inkludering og samarbeid saman med tilsette, føresette og lokalsamfunnet.

Oppstryn skule og barnehage er samlokalisert som oppvekstsenter med 1-7 skule med skulefritidsordning / SFO og barnehage. Oppvekstsenteret ligg på Hjelle i Oppstryn i Stryn kommune og er samlokalisert. Bygget er av god stad, har vore jamnleg vedlikeholdt og modernifisert. Oppvekstsenteret  ligg flott plassert med nydeleg utsikt mot Oppstrynsvatnet og ved sidan av idrettsbana og ballbingen i Oppstryn. Skulen har i dag 24 elevar og det er knytt omlag 5 årsverk fordelt på 7 tilsette i skule og SFO. Barnehagen har ei aldersblanda avdeling med 15 born og det er omlag 5 årsverk fordelt på 6 tilsette.

Samlokaliseringa gir gode moglegheiter for heilskapleg arbeid med overgangar og oppvekstløpet for barn og elevar.

Oppstryn byr på unike moglegheiter for friluftsliv, aktivt bygdemiljø og gode oppvekst vilkår. Oppvekstsentert  ligg nær turområde og areal godt eigna for uteskule, bålbrenning og anna uteaktivitet.

Arbeidsoppgåver

Rektor har det faglege og administrative ansvaret for skule, SFO og barnehagen. I rektorstillinga ligg det ein undervisningsdel. I det administrative ansvaret ligg ansvar for økonomi og personalansvar for alle tilsette. Rektor må leie og motivere dei tilsette i sitt daglege arbeid og har ansvar for at skulen og barnehagen blir driven i samsvar med politiske føringar og gjeldande lovverk.

Kvalifikasjonar

  • Krav om høgare skulefagleg pedagogisk utdanning og praksis innan skule.
  • Administrativ leiarutdanning, gjerne rektorutdanning og/eller leiarerfaring vert føretrekt
  • IKT kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Evne til å inspirere og motivere gjennom si leiing slik at oppvekstsenteret kan løyse oppgåvene sine
  • Erfaring frå anna leiing og utviklingsarbeid i oppvekstsektoren vil vere ein fordel
  • Gode samarbeidsevner
  • Ryddig og påliteleg
  • Du er effektiv, strukturert og har evne til å gjere sjølvstendige vurderingar
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tilsettingsprosessen

Vi tilbyr

  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
  • Løn etter avtale
  • Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato

NB! Nedskriving av studielån etter Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr. 25.000,- for buande i Stryn kommune

Kontaktinformasjon

Ingrid Sylvia Renberg, Kommunalsjef oppvekst , 95161165

Arbeidsstad

6798 Hjelledalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5175002206
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026

Kontaktpersoner
Ingrid Sylvia Renberg
Kommunalsjef oppvekst
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter