Reiselivskoordinator

Stilling
Reiselivskoordinator
Lokasjon
Stryn
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
28. okt.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med og utvikle reiselivet og forme framtidas besøksforvaltning i ein kommune med spektakulær natur, sterke lokalsamfunn og høge ambisjonar – og samtidig ha ei sentral, operativ rolle i gjennomføringa?

Stryn kommune søkjer ein engasjert, fagleg sterk og tydeleg operativ reiselivskoordinator.

Du vil få ei utviklande og koordinerande rolle for reiselivet i Stryn kommune. Du vil jobbe ute i felten i pressområder i høgsesong - “hands on”, og sjå til at turiststraumen fungerer godt. Reiselivsnæring i Stryn kommune i samarbeid med Nordfjord Havn tek i mot mange gjester som kjem med cruisebåtar til indre Nordfjord. Ein viktig del av jobben er å legge til rette for gode opplevingar også for desse. Utanom sesong, vil du ha kontorplass i administrasjonen i Stryn kommune og jobbe med besøksforvaltning og tilrettelegging for reiselivet.

Stillinga ligg under eining for Samfunnsutvikling, og du vil arbeide i eit tverrfagleg miljø med dyktige kollegaer innan plan, byggesak, eigedom, næring og landbruk og i tett samarbeid med Nordfjord havn. På grunn av driftsbehov i høgsesongen (juni–august), må ferie i utgangspunktet planleggjast og avviklast utanfor desse månadane.


Arbeidsoppgåver

  • Handtering av cruiseturisme, inkludert informasjonsarbeid og logistikkoppgåver på kai ved cruiseanløp, og deltaking i planlegging/kontaktmøter med Nordfjord Havn
  • Koordinere reiselivsaktørar for trygg trafikkavvikling
  • Oppfølging og tilsyn av fellesgoder i pressområder - høgsesong
  • Vere kontaktpunkt til bygdelag ifht reiselivsutvikling
  • Følgje opp arbeidet med Merket for berekraftig reisemål, handlingsplan
  • Produktutvikling – sti, utsiktsrydding, informasjon
  • Prosjektoppfølging
  • Andre diverse reiselivsrelaterte oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå reiselivsnæringa
  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet (td. reiseliv, friluftsliv, naturforvaltning, besøksforvaltning, planlegging, prosjektleiing)
  • Kjennskap til relevant lovverk og offentleg forvaltning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Moglegheit til å jobbe i høgsesong (sommar)

Det er ønskjeleg med:

  • Interesse for lokal samfunnsutvikling
  • Erfaring frå naturbasert reiseliv og besøksforvaltning
  • Erfaring frå saksbehandling i offentleg sektor

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert, med god evne til å kommunisere
  • Utadvendt og serviceinnstilt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar
  • Arbeidsstad i naturskjønne Stryn – der fjord møter fjell
  • Nedskriving av studielån gjennom Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr 25.000,- for buande i Stryn kommune.

Kontaktinformasjon

Siv Randi Berstad, Konst.avdelingsleiar berekraft og næring, siv.berstad@stryn.kommune.no

Arbeidsstad

Tonningsgata 4
6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5191279992
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2026

Kontaktpersoner
Siv Randi Berstad
Konst.avdelingsleiar berekraft og næring
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter