Ansvar for hjartet i bedrifta?

Stilling
BLANDEOPERATØR
Lokasjon
Loen
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du lidenskapleg oppteken av betong og trivst med å sjå konkrete resultat av arbeidet ditt? Då kan du vere den vi ser etter!

Stryn Betong styrkjer laget med blandeoperatør, som vil få ansvar for produksjonsprosessen, hjarta i bedrifta vår. Du får ei sentral rolle, og blir ein viktig del av laget som leverer betong til små og store byggjeprosjekt i Nordfjord.

Som blandeoperatør sørgjer du for at rett betong blir produsert til rett tid, og med rett kvalitet. Arbeidsdagen er variert, og du samarbeider tett med sjåførar, kundar og kollegaer.

Dette blir dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine
  • Operere og overvake blandeverket

  • Planleggje og koordinere den daglege produksjonen

  • Sikre at betongen blir produsert i samsvar med reseptar og kvalitetskrav

  • Gjennomføre kontrollar og dokumentere produksjonen

  • Ha kontakt med sjåførar og bidra til effektive leveransar

  • Utføre dagleg vedlikehald, reinhald og ettersyn av maskiner og utstyr

  • Bidra til god orden, tryggleik og eit godt arbeidsmiljø på anlegget

Vi ser etter deg som
  • Vilje til å ta grunnkurs i produksjon av betong, viss du ikkje har det frå før.

  • Erfaring frå betong eller anlegg er ein fordel.

  • Kommunisera godt på norsk, både munnleg og skriftleg.

  • Er oppteken av kvalitet, tryggleik og gode leveransar.

  • Er fleksibel, og evnar å snu seg fort rundt.

Dette får du hos oss
  • Ei fast og sentral stilling i ei solid lokal verksemd

  • Ein variert arbeidsdag med ansvar og påverknad

  • Full opplæring og kurs etter behov

  • Eit ekte arbeidsmiljø -- vi bryr oss om kvarandre

  • Moglegheit til vidare utvikling innan betongfaget

Vi er opptekne av å spele på den kompetansen og dei interessene du har, og det vil vere mogleg å forme delar av rolla.

**Klar for å bli ein del av laget?**Hjå oss får du ikkje berre ein jobb. Du blir ein viktig del av laget som byggjer Nordfjord!

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter