Konsulent lønn/ servicekontor
Vil du arbeide innanfor lønsområdet i ei kommune der du får varierte oppgåver, stor påverknad på eigen arbeidskvardag og eit nært samarbeid med kollegaer?
Frå 1. januar 2027 har vi ledig 60% fast stilling som konsulent innan lønnsområdet. Stillinga er ein del av kommunedirektøren sin stab innan fagområdet lønn. Vi kombinerer den faste stillinga med eit vikariat på Servicekontoret i 40%, slik at stillinga totalt sett er 100% ut 2027, med moglegheit for forlenging av vikariatdelen.
For rett kandidat kan det på sikt vere moglegheit for avansement til stilling som fagleiar på lønsområdet.
Kvifor velje Stranda?
- Makspris på barnehageplass er sett til kr. 700 kroner per måned.
- Bur du i kommunen og er i arbeid, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.
- Eit variert næringsliv med høg sysselsetting gir gode moglegheiter også for partnar eller familie.
- Gode barnehage- og skuletilbod, inkludert to vidaregåande skular.
- Det største skisenteret på Nordvestlandet, flotte turmoglegheiter sommar og vinter, regionalt kulturhus og eit aktivt idretts- og foreiningsliv.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Vitnemål og attestar skal scannast og leggast ved søknaden.
Arbeidsoppgåver
I samarbeid med fagleiar løn får konsulenten ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med lønn og personaladministrasjon. Du vil samarbeide tett med leiarar og kollegaer i organisasjonen og bidra til at kommunen leverer korrekte og effektive lønnstenester.
- Månadleg lønnskøyring, herunder førebuing og behandling av lønnsgrunnlag for fast og variabel lønn.
- Rapporteringar innan lønnsområdet
- Behandling av sjukelønn og refusjonar
- Vedlikehald og vidareutvikling av Visma Enterprise HRM.
- Andre oppgåver under området personal og lønn etter behov.
- Arbeidsoppgåver knytt til servicekontoret vil i hovudsak vere sentralbord, postføring og andre administrative oppgåver
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskulenivå
- Erfaring med lønnskøyring og forståing av samanheng mellom lønn og rekneskap er ønskjeleg
- God digital kompetanse og evne til å lære nye system
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Arbeider sjølvstendig og strukturert.
- Har god arbeidskapasitet
- Er løysingsorientert og serviceinnstilt.
- Har gode samarbeidsevner og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Varierte, spanande og utviklande arbeidsoppgåver.
- Eit godt arbeidsmiljø prega av respekt, openheit og omsorg.
- Tett samarbeid og høg fagleg kompetanse
- God opplæring og støtte frå erfarne kollegaer.
- Ein arbeidsgjevar som legg vekt på trivsel, utvikling og meistring
Kontaktinformasjon
Sølvi Ringset, Fagleiar løn, 46411017Janet Alme, Personalsjef, +47 464 11 019
Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5198542209
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026