Heimehjelp - Stranda distrikt
Det er ledig 75 % stilling som heimehjelp i Stranda distrikt. Stillinga er organisert under heimetenesta. Arbeid på dagtid, 37,5 t veka. Personalet i heimetenesta yter tenester til Solbakken- og Dalane omsorgsbustadar samt heimebuande i Stranda tettstad.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
Praktisk bistand/heimehjelp inneber reinhald i privat heim og i omsorgsbustadar. Vask av klede og rettleiing i forhold til tilbereding av mat og andre praktiske oppgåver kjem i tillegg.Kvalifikasjonar
Førarkort klasse B og disponere eigen bil i tenesta. Du får utbetalt kjøregodtgjersle etter gjeldande satsar.
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg for å sikre god kommunikasjon med brukarar og kollegaer.
Erfaring frå liknande arbeid/reingjering er ein fordel, men ikkje eit krav.
Politiattest må framvisast før ein tek til i stillinga.
Personlege eigenskapar
Serviceinnstilt, påliteleg og har respekt for enkeltmennesker.
Arbeide godt sjølvstendig.
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
Ei meiningsfylt og variert stilling i eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidstid på dagtid basert på 37,5 timers veke.
Kontaktinformasjon
Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180Arbeidsstad
Nymarkvegen 586200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5211662981
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 02.12.2026