ID 2501 Helsefagleg medarbeidar - Eining for habilitering
Eining for habilitering treng ein ny kollega med helsefagleg utdanning i eitt av omsorgsteama våre og ser etter deg som er motivert for å gjera ein forskjell, har brukarfokus og ønskjer å bidra med å gje brukaren ein trygg og meiningsfull kvardag. Du blir ein del av eit omsorgsteam rundt ei ung dame busett på Stord, der ein gjev personretta tenester gjennom døgnet. I hovudsak er det to personale på jobb på dag/kveld som samarbeider om arbeidsoppgåvene. Det er varierte oppgåver gjennom dagen, alt frå personleg pleie, tilrettelegging av måltid, kommunikasjon, sosiale aktivitetar og trening.
Brukar har stor interesse for musikk og trening, og har basseng som del av treninga. Me ønskjer oss ein ny kollega som trivst med å samarbeide tett med andre, samstundes som ein kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig. Du må vere fleksibel og løysingsorientert.
Høyrast dette spennande ut, så legg inn ein søknad.
Det er ledig fast 100% stilling for autorisert sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar.
Stillinga er i turnus med ein kombinasjon av dag, kveld og langvakter. Langvakter kvar fjerde helg.
Arbeids- og ansvarsområde:
· Bistå brukaren i dagleglivets aktivitetar og aktivitetstilbod
· Gjennomføre tiltak, ivareta funksjonar
· Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnar
· Bruke kommunikasjonsverktøy
· Legemiddelhandtering
· Dokumentasjon gjennom fagsystem
· Kvalifikasjonskrav:
· Autorisert sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
· Beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg
· Personlege eigenskapar blir vektlagt
Kvalifikasjonskrav:
· Autorisert sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
· Beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg
· Personlege eigenskapar blir vektlagt
Politiattest:
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me kan tilby:
• Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
• Godt arbeidsmiljø
• Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
• Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
• Offentleg tenestepensjon.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.