ID 2494 Avdelingsleiar ved Saghaugen/Kjøtteinsvegen bufelleskap - Eining for habilitering
Saghaugen og Kjøtteinsvegen er bufellesskap for personar med utviklingshemming. Kjøtteinsvegen har 4 bustadar og Saghaugen har 6, og er organisert under Eining for habilitering. Bufellesskapa ligg begge nær sentrum i Leirvik.
Eining for habilitering har ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.01.27.
I bufellesskapa våre ønskjer me å;
-
Skapa ein trygg og omsorgsfull heim
-
Gje god dagleg omsorg og sosial støtte
-
Leggje til rette miljøet for eigenmeistring
-
Bidra til eit godt samarbeid med pårørande
Arbeids- og ansvarsområde:
Avdelingsleiar er administrativ leiar og har personalansvar for dei tilsette i avdelinga. Leiar skal følgje opp Stord kommune sine visjonar og verdiar, og eininga sine målsettingar og handlingsplanar.
Avdelingsleiar har ansvar for:
-
Arbeida for eit godt arbeidsmiljø
-
Motivera og rettleia personale og medverka til at dei får utvikla seg, fagleg og personleg
-
Førebygging av sjukefråvær og oppfølging av sjukemeldte
-
Medverka til eit godt samarbeid med brukarar, pårørande, verneombod, tillitsvalde og andre samarbeidspartnerar
-
Ha fokus på effektiv ressursutnytting til beste for alle tenestemottakarane
-
Legga til rette for gode tenester i høve vedtak, økonomiske rammer, yrkesetiske retningsliner, etiske normer og gjeldande lovverk
-
Sørgja for at avdelinga skaper klima for tverrfagleg samarbeid, både i avdelinga og på tvers av avdelingar
Kvalifikasjonskrav:
-
Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
-
Erfaring frå, og/eller interesse for, leiing. Leiarkompetanse og erfaring frå arbeid med brukargruppa er eit føremon.
-
Kunnskap og forståing av turnus, arbeidstidsordningar og lovverk knytt til dette.
-
Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Politiattest:
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
-
Offentleg tenestepensjon.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097