ID 2488 Avdelingsleiar byggdrift - Tekniske tenester
Kommunale bygg er rammene rundt viktige delar av kvardagen til innbyggjarane våre. No søkjer me ein trygg og utviklingsorientert leiar som vil sikra god drift, ta vare på verdiane våre og utvikla byggavdelinga vidare.
Vil du leia menneske og utvikla drifta av kommunen sine bygg?
Det er ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar byggdrift.
Me ønskjer oss ein avdelingsleiar som tek ansvar, utviklar medarbeidarane og bidreg til at kommunen sine bygg fungerer godt, kvar dag.
Du får personal- og resultatansvar for ei avdeling med brei byggfagleg kompetanse, og ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av ein omfattande og variert kommunal bygningsmasse. Stillinga kombinerer nær leiing av medarbeidarar med planlegging, økonomistyring, prioritering og langsiktig utvikling.
Me ser etter deg som skaper retning og tryggleik, også når rammer, behov og arbeidsmåtar endrar seg. Du får ei sentral rolle i å utvikla effektive arbeidsprosessar, styrkja den digitale oppfølginga og sikra at ressursane vert nytta der dei gjev størst verdi for kommunen og brukarane av bygga.
Arbeidsoppgåver
-
leia, støtta og utvikla medarbeidarane i byggavdelinga, med ansvar for personal, arbeidsmiljø og resultat
-
planleggja og organisera forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg og tekniske anlegg
-
utarbeida prioriteringar og følgja opp budsjett, kostnader, fakturaer og økonomiske resultat
-
utvikla systematiske og langsiktige vedlikehaldsplanar innanfor vedtekne økonomiske rammer
-
følgja opp rammeavtalar, serviceavtalar, leverandørar og entreprenørar
-
sikra god bruk av FDV-system, dokumentasjon, avvikshandtering og andre digitale arbeidsverktøy
-
følgja opp krav til HMT, internkontroll, brannvern, kvalitet og beredskap
-
bidra til energioppfølging, effektiv ressursbruk og berekraftige løysingar
-
planleggja og gjennomføra mindre vedlikehalds-, rehabiliterings- og investeringsprosjekt
-
samarbeida tett med brukarar av bygga, andre kommunale einingar og eksterne aktørar, og delta aktivt i leiarsamarbeidet i Tekniske tenester
Kvalifikasjonar
Me ønskjer at du har:
-
relevant teknisk utdanning frå fagskule eller høgskule
-
relevant fagbrev og erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.
-
erfaring frå forvaltning, drift og vedlikehald av bygg
-
leiarerfaring, gjerne med personalansvar
-
god forståing for økonomistyring, budsjettoppfølging og prioritering
-
god digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye system og arbeidsmåtar
-
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
-
førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har erfaring frå:
-
kommunal eller anna offentleg verksemd
-
offentlege innkjøp, kontraktsoppfølging eller prosjektgjennomføring
Personlege eigenskapar
For å lukkast i stillinga må du vera ein tydeleg og inkluderande leiar som byggjer tillit og får medarbeidarane med deg. Me legg særleg vekt på at du:
-
arbeider strukturert, prioriterer godt og følgjer opp avgjerder og tiltak
-
er løysingsorientert, tek initiativ og har god gjennomføringsevne
-
samarbeider godt, kommuniserer klart og møter medarbeidarar, brukarar og samarbeidspartnarar på ein profesjonell måte
-
er omstillingsvillig og tilpassingsdyktig, og bidreg konstruktivt når organisering, rammevilkår eller arbeidsmåtar endrar seg
-
ser heilskapen og balanserer omsynet til menneske, drift, økonomi og langsiktig verdibevaring
Personlege eigenskapar, leiareigenskapar og motivasjon for stillinga vil verta tillagde stor vekt.
Me tilbyr
-
ei sentral leiarstilling med reell påverknad på eiga avdeling og utviklinga av den kommunale byggdrifta
-
ein variert arbeidskvardag med både operative og langsiktige oppgåver
-
eit tverrfagleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
-
moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
-
forsikringsordningar, samt løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
offentleg tenestepensjon
-
tilgang til medlemskap i Stord ve og vel, med ulike velferdstilbod
For nærare informasjon om stillinga, kontakt:
John Grimeland
Leiar, Tekniske tenester
Telefon: 909 14 678
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.