Me søker Sous Chef - 100% stilling
Som Sous Chef hos oss får du ei sentral rolle på kjøkkenet og blir ein viktig del av eit dyktig og engasjert team. Du vil jobba tett med kjøkkensjefen og bidra til gode matopplevingar på tvers av hotellet -- frå Brasserie & Bar 59° til selskap, kurs og konferansar. Me ser etter deg som trivst med ansvar, høgt tempo og godt samarbeid, og som ønskjer å vera med og utvikla kjøkkenet vidare.
Arbeidsoppgåver:-
Produksjon og service til Brasserie & Bar 59º, selskapsavdeling samt anna mattilbod på hotellet
-
Ansvarleg skiftleiar som leiar og fordeler arbeidet for kjøkkenet
-
Bidra med innkjøp og kontroll av varelager
-
Delta i menyplanlegging og opplæring
-
Ivareta gode rutinar, samarbeid på kjøkkenet og med andre avdelingar
-
Vask og reinhold av kjøkkenfasilitetar iht IK-mat/ HACCP
-
Har fagbrev som kokk, med erfaring frå hotell-/ restaurantkjøkken
-
Har stor interesse og kunnskap om mat
-
Fleksibel og løysningsorientert
-
Ein god lagspelar og er serviceinnstilt
-
Ansvarsbevisst, profesjonell og nøyaktig
-
Kunne etterleve krava i IK- Mat/ HACCP
-
Beherskar skandinavisk og / eller engelsk munnleg og skriftleg
-
Konkurransedyktig lønn og betingelser
-
Pensjons- og forsikringsordning
-
Kjekt arbeidsmiljø og gode kollegaer
-
Oversiktleg turnusordning der du arbeider ei veke på tidlegvakt og ei veke på seinvakt
-
Stillinga er fast frå 1. november 2026