Ledig stilling som konservator/formidlar kulturhistorie
100 % fast stilling med kontorstad Sunnmøre museum, Ålesund
Viti søkjer ein engasjert konservator/formidlar med mastergrad innan kulturhistoriske fag, som historie, lokalhistorie, kulturarv eller tilsvarande. Vi ser særleg etter deg som har interesse for nyare kystkultur.
Som konservator/formidlar blir du ein del av fag- og formidlarteamet ved Sunnmøre museum, Middelaldermuseet og Fiskerimuseet i Ålesund. Gjennom utstillingar, arrangement, undervisning og digitale flater skal du vere med på å formidle dei lange linjene i livet på Sunnmørskysten, med utgangspunkt i musea sine samlingar og faglege kompetanse.
Stillinga byr på ei fleire oppgåver. Du vil arbeide med formidling til barn, unge og vaksne, utvikle nye formidlingsopplegg og utstillingar, produsere innhald til digitale plattformer og bidra til dokumentasjon, forvaltning og utvikling av dei kulturhistoriske samlingane. Du vil òg vere med på å utvikle nye prosjekt som styrkjer musea si rolle som kunnskapsinstitusjon og samfunnsaktør.
Arbeidskvardagen er prega av høgt tempo og stor variasjon. Vi ser derfor etter ein medarbeidar som trivst med sjølvstendig arbeid, tek initiativ og kan drive prosjekt framover. Samtidig er evna til samarbeid viktig, både på tvers av fagmiljø i Viti og i møte med frivillige, samarbeidspartnarar, skular og publikum.
Ein viktig del av arbeidet vil vere å bidra til å hente inn eksterne prosjektmidlar gjennom søknadsskriving og prosjektutvikling.
Stillinga gir også moglegheit til fagleg fordjuping og forsking.
Vi ser etter ein fagperson som er svolten på å formidle kulturhistoria på Sunnmøre, nysgjerrig på å finne ut meir, og som ønskjer å gjere historia relevant for dagens publikum. Du likar å møte menneske, skape engasjement og samarbeide med kollegaer om å utvikle sterke opplevingar og ny kunnskap.
Søknadsfrist: 10.12.2026Arbeidsoppgåver
-
Formidling til barn, unge og vaksne gjennom undervisning, omvisingar, arrangement og andre publikumsretta aktivitetar.
-
Utvikling og gjennomføring av formidlingsprogram.
-
Medverke til utvikling og produksjon av utstillingar.
-
Produsere innhald til digitale formidlingsflater.
-
Initiere og utvikle prosjekt som styrkjer musea si rolle som kunnskapsinstitusjon og samfunnsaktør.
-
Søknadsskriving og arbeid med å hente inn eksterne prosjektmidlar.
-
Delta i forskings- og dokumentasjonsarbeid knytt til musea sine samlingar og fagområde.
-
Samarbeide med kollegaer, frivillige, skular, publikum og eksterne samarbeidspartnarar.
Vi søkjer deg som har:
-
Mastergrad innan kulturhistoriske fag, som historie, lokalhistorie, kulturarv eller tilsvarande.
-
Interesse for nyare kystkultur.
-
Erfaring med eller interesse for formidling til ulike målgrupper.
-
Kunnskap om, eller interesse for, museumsarbeid og kulturhistoriske samlingar.
-
Erfaring med prosjektarbeid er ein fordel.
-
Erfaring med søknadsskriving og prosjektutvikling er ein fordel.
-
Interesse for forsking og kunnskapsutvikling innan relevante fagområde.
-
God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Vi ønskjer også at du:
-
Er engasjert og fagleg nysgjerrig.
-
Er svolten på å formidle kulturhistorie og gjere historia relevant for dagens publikum.
-
Trivst med ein variert arbeidskvardag og høgt arbeidstempo.
-
Kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ.
-
Har evne til å drive arbeid og prosjekt fram frå idé til gjennomføring.
-
Har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide på tvers av fagmiljø.
-
Er utadvendt og glad i å møte menneske.
-
Har evne til å skape engasjement og gode publikumsopplevingar.
-
Er strukturert, løysingsorientert og utviklingsretta.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr:
-
Ei spennande og meiningsfull stilling ei eit stort museum.
-
Fagleg dedikerte kolleger
-
Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
-
100% fast stilling, 37,5 timar i veka inkl. Spisepause
-
God offentleg tenestepensjon gjennom KLP
-
Fleksitid, med kjernetid mellom kl 1000-1400
-
Fem veker ferie og fire ekstra feriedagar som er lagt til vesle julaftan, julaftan, onsdag i påskeveka og nyttårsaftan.
Stillinga er plassert i lønnskode Rådgjevar. Viti følgjer tariff i Virke, Landsoverenskomst for museer og andre kulturinstitusjoner.
Heimla i Politiregisterforskrifta § 34-16 om personar som skal utføre oppgåver i kulturinstitusjonar vil Viti krevje politiattest før tilsetting i stillinga.
Viti har arenaer fleire stader på Sunnmøre, og noko reiseverksemd må påreknast. Sidan kollektivtilbodet varierer vil det vere ein fordel om søkjaren har førarkort.
Stillinga ligg i Kulturhistorisk avdeling, og rapporterer til avdelingsdirektør Kulturhistorie. Kontorstad er Sunnmøre museum.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.