Ytre kunstfagskole søker ny rektor
Vår rektor ønsker å vie seg til kunstnarisk arbeid på heiltid. Vi søker derfor ein ny rektor som vil leie og vidareutvikle Ytre kunstfagskole i ei særleg spennande tid.
Ytre fekk våren 2026 akkreditering for fagområdet visuell kunst. Dette gir skolen fullmakt til å utvikle nye utdanningar og vidareutvikle eksisterande tilbod. Vi søker no ein kunstfagleg, engasjert leiar som arbeider strategisk og vil vere med og forme neste kapittel i skolens historie.
Om Ytre kunstfagskole
Ytre kunstfagskole i Ålesund er ein nasjonal kunstfagskole med studentar frå heile landet. Skolen er ein viktig arbeidsplass og møteplass for profesjonelle, yrkesaktive kunstnarar i regionen.
Ytre tilbyr i dag to fulltidsutdanningar:
-
Visuell kunst -- 2-årig grunnutdanning
-
Yrkesstudium visuell kunst -- årsstudium for kunstnarar i etableringsfasen
Skolen har utvikla ein strategi for fagområdet visuell kunst på Nordvestlandet og har dei siste åra vore i sterk utvikling. Gjennom den eigenutvikla «Ytre-modellen» arbeider skolen målretta for å styrke samanhengen mellom utdanning og profesjonelt kunstnarskap.
Arbeidsoppgåver og ansvar
Som rektor har du det overordna faglege, pedagogiske og administrative ansvaret for Ytre kunstfagskole. Du rapporterer til styret, som er skolens øvste organ.
Rektor har ansvar for:
-
fagleg og pedagogisk leiing av skolen
-
strategisk utvikling av verksemda
-
vidareutvikling av kunstfagleg profil og pedagogisk plattform i samarbeid med fagstaben
-
utvikling av nye utdanningar innan rammene av fagområdeakkrediteringa
-
økonomistyring og administrativ leiing
-
personalleiing og organisasjonsutvikling
-
omdømmebygging og ekstern representasjon
-
vidareutvikling av nasjonale og internasjonale samarbeid
Ei sentral oppgåve vil vere å vidareutvikle Ytre som ein yrkesnær kunstfagskole i tett samarbeid med lærarar, studentar og kunstfeltet. Skolen skal ha ein tydeleg nasjonal posisjon med eit særleg fokus på det rurale perspektivet i kunstnariske praksisar.
Kven ser vi etter?
Vi ønsker oss ein rektor som vil føre vidare det målretta arbeidet med fagleg profil og utvikling, og som kombinerer kunstfagleg kompetanse med interesse for strategisk og organisatorisk arbeid.
Vi legg særleg vekt på:
-
kunstfagleg kompetanse og kjennskap til feltet
-
leiarerfaring
-
erfaring med økonomistyring og drift
-
erfaring med personalleiing
-
erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid
-
kjennskap til høgare utdanning eller fagskolesektoren
-
godt nettverk og kunnskap om kunstfeltet
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli tillagt vekt.
Vi tilbyr
-
ei sentral leiarstilling ved ein kunstfagskole i utvikling
-
høve til å påverke utviklinga av framtidas kunstutdanningar
-
eit sterkt og engasjert fagmiljø
-
ein velfungerande organisasjon med sterk forankring i kunstmiljøet i regionen
-
konkurransedyktige vilkår og ordna arbeidsforhold
Praktisk informasjon
-
Fast stilling i 100 %
-
Arbeidsstad: Ålesund
-
Oppstart etter avtale
-
Rektor må bu i regionen
-
Løn etter avtale med styret
-
Oppseiingstid: 3 månader
Spørsmål om stillinga
Trine Røssevold , rektor
trine@ytrekunst.no
412 01 551
Simon Wågsholm , koordinator
simon@ytrekunst.no
918 62 466
Søknad
Søknad med CV sendast til post@ytrekunst.no innan 15. november 2026.
Referansar og attestar blir etterspurde i samband med intervju.