Sterilforsyningsteknikar
Har du lyst til å arbeide med viktige oppgåver innan hygiene, smittevern og pasienttryggleik?
Hos oss i sterilforsyningseininga får du ein variert arbeidskvardag der kvalitet, samarbeid og gode rutinar står sentralt.
Vi er organiserte under Anestesi, intensiv og operasjonsavdelinga i kirurgisk klinikk.
Vi har eit viktig ansvar for at instrument og utstyr som blir brukt i behandlinga av pasientane, er reint, sterilt og klart til bruk. Du blir ein del av eit fagmiljø som arbeider med oppgåver innan sterilforsyning og smittevern, både i sterilsentralen og i operasjonsavdelinga.
Sterilforsyning er eit fagfelt i utvikling, med stadig større merksemd på kvalitet, pasienttryggleik og gode arbeidsprosessar. Hos oss får du arbeide i eit fagleg miljø der samarbeid, kommunikasjon og profesjonalitet er viktig.
Kva går jobben ut på?
- Utføre oppgåver i sterilforsyningskjeda, som desinfeksjon, pakking og sterilisering av instrument og utstyr frå fleire fagområde.
- Reinhald, førebuing og klargjering av operasjonsstover.
- Utføre støtteoppgåver knytte til beredskap for anestesi og operasjon i operasjonsavdelinga.
- Arbeide med logistikk, lagerhald og transport, og kvalitetssikre sterile instrument og anna utstyr.
- Utføre oppgåver på tvers av arbeidsstadene i eininga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Ønskeleg at du har fagbrev innan reinhald eller helsefag.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Ønskeleg at du fullført fagskole i sterilforsyning og smittervern og/eller har erfaring innan sterilforsyning og smittevern.
Dersom du ikkje har fullført fagskule i sterilforsyning og smittevern ved tilsetjing, skal utdanninga gjennomførast etter nærare avtale med arbeidsgivar. Tidspunkt for oppstart blir vurdert ut frå avdelinga sitt behov og tilgjengeleg praksis.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er oppteken av fagleg kvalitet og har forståing for ansvaret som ligg i rolla di
- tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
- samarbeider godt med ulike fag- og yrkesgrupper og er open for utvikling innan fag og teknologi
- arbeider sjølvstendig og strukturert
- kommuniserer godt og handterer situasjonar som kan vere krevande eller uoversiktlege
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Kvifor skal du velje oss?
- Du blir ein del av eit fagmiljø med viktige oppgåver innan hygiene, smittevern og pasienttryggleik.
- Vi legg til rette for fagleg og personleg utvikling.
- Du får ein variert arbeidskvardag i eit dynamisk arbeidsmiljø.
- Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, mellom anna pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Helse Fonna er ei IA-bedrift.
Kontaktinformasjon
Michelle Kvåle Lokøen, FunksjonsleiarArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5204158555
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2026