Lærar i naturbruk med hundefag

Stilling
Lærar i naturbruk med hundefag
Lokasjon
Fana
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. nov.
Få påminnelse
12 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. 

Arbeidsoppgåver

Vi har eit ledig vikariat for lærar i naturbruk med hundefag. 
Stillinga er knytt til undervisning i hundefag på vg1, Yrkesfagleg fordjuping (YFF) og vg2, med hovudvekt på både praktisk og teoretisk opplæring.

  • Praktisk og teoretisk undervisning for naturbruk dyrefag med vekt på hund på vg1 og vg2
  • Planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa
  • Samarbeid med kollegaer og deltaking i fagleg utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer søkjarar som har:

  • Undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning
  • Hundefagleg utdanning og/eller relevant erfaring innan hundefaget
  • Anna relevant eller praktisk kompetanse innan ulike aktivitetar med hund eller hundefag
  • Erfaring med undervisning og/eller opplæring
  • Kvalifiserte søkjarar utan pedagogisk undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkår

Praktisk erfaring og personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.

Personlege eigenskapar

  • Du likar å arbeide med ungdom
  • Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar
  • Du ser behova og mogleigheitene til den enkelte elev
  • Du er ein god lagspelar, samarbeider godt og deler kunnskap
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Du har god digital kompetanse
  • Du arbeider strukturert og systematisk

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett  i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Janne Seilen, avdelingsleiar, 92094232

Arbeidsstad

Fanavegen 249
5244 Fana

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5202077216
Stillingsprosent: 90%
Vikar
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 30.10.2027
Søknadsfrist: 11.11.2026

Kontaktpersoner
Janne Seilen
avdelingsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter