Vi styrkar laget - og søkjer fleire tekniske operatørar til Svelgen
Vi styrkar laget ved anlegget vårt i Svelgen og søkjer fleire tekniske operatørar. Her får du jobbe på eit moderne anlegg for produksjon av storsmolt, i eit arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar, høgt tempo og stor grad av ansvar.
Vi ser etter deg som har teknisk interesse og praktisk forståing. Erfaring frå akvakultur, industri eller prosessanlegg er ein fordel, men ikkje eit krav -- den rette personen får grundig opplæring.
Arbeidsoppgåver-
Drift og overvaking av tekniske innstallasjonar og prosessanlegg
-
Ettersyn, enkelt vedlikehald og feilsøking på teknisk og maskinelt utstyr
-
Bidra til stabil og effektiv produksjon av storsmolt og god fiskevelferd
-
Registrere, rapportere og følgjer opp avvik
-
Delta i kontinuerleg forbetringsarbeid og bidra til gode tekniske løysingar
-
Samarbeide tett med kollegaer, driftsleiing og andre fagressursar
-
Følgje rutinar for HMS, hygiene, biosikkerheit og internkontroll
-
Delta i etablert teknisk vaktordning (kvar 4. veke og kvar 4. helg)
-
Har teknisk interesse og likar praktisk problemløysing
-
Tek ansvar og arbeider sjølvstendig
-
Samarbeider godt med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
-
Arbeider strukturert, nøyaktig og med god forståing for hygiene
-
Seier ifrå når noko ikkje fungerar, og kjem med forslag til forbetringar
-
Er lærevillig og interessert i nye løysingar og teknologi
-
Har respekt for kollegaer, fisk, miljø og utstyr
-
Praktisk eller teknisk erfaring frå industri, prosess, akvakultur, mekaniske fag eller liknande
-
Teknisk utdanning eller fagbrev er ein fordel, men ikkje eit krav
-
Relevant erfaring kan kompenserast for manglande formell utdanning
-
Førarkort klasse B
-
Krav om at ein må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg med hensyn til forståing og følgje arbeidsinstruksar og etterleving av HMS-rutinar.
-
Ei viktig rolle ved eit moderne anlegg for produksjon av storsmolt
-
Varierte tekniske og praktiske arbeidsoppgåver
-
Mykje ansvar og korte beslutningsvegar
-
Grundig opplæring og moglegheit for fagleg og personleg utvikling
-
Moderne utstyr og gode fasilitetar
-
Eit triveleg arbeidsmiljø der folk samarbeider tett
-
Gode velferdsordningar
Arbeidsstad er Svelgen i Bremanger kommune. Stillinga inneber deltaking i teknisk vaktordning, og føreset at du kan møte på arbeid og ivareta naudsynt responstid når ein har vakt.
SøknadsfristSøknadsfristen er satt til 31.10.2026. Søknadar vil likevel kunne bli vurdert fortløpande, slik at ved interesse kan det være fornuftig å søkje i god tid før fristen.
Vil du vite meir om stillinga?Ta kontakt med Christian Ehlert på tlf 46651545