Rådgivar/seniorrådgivar - plan - og arealforvaltning

Stilling
Rådgivar/seniorrådgivar - plan - og arealforvaltning
Lokasjon
Stavanger
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
30. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du bidra til god areal- og samfunnsutvikling i Rogaland? Landbruksavdelinga har ledig ei fast stilling


 

Om stillinga


Statsforvaltaren skal tidleg i prosessar formidle nasjonal politikk og prioriteringar, og landbruksavdelinga skal vere kompetansesenter for kommunane på landbruks- og matområdet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er difor ein sentral del av stillinga, og du må kunne halde innlegg på kurs og konferansar. 
 
Rogaland har areal av stor nasjonal verdi for matproduksjon. Som rådgivar hos oss vil du bidra til å sikre verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap, og du blir ein del av eit godt fagmiljø i landbruksavdelinga. Vi ønskjer oss ein kollega med sterk interesse for arealforvaltning, og som kjenner godt til dei landbruksmessige utfordringane i fylket.
 

Arbeidsoppgåver


Du vil få arbeide med:
 
  • saksbehandling og utgreiings- og samarbeidsoppgåver i planprosessar og enkeltsaker på tvers av fagfelt
  • gi høyringsinnspel til kommunale og regionale planar
  • gi uttale til dispensasjonssaker etter plan- og bygningslov
  • bidra med landbruksfagleg kompetanse inn i ulike prosessar
  • saksbehandling av jordlov- og konsesjonslovsaker

 

Kvalifikasjonar


Vi søker etter ein person med god kjennskap til landbruket i Rogaland, og som vil arbeide med samfunns- og arealplanlegging og arealforvaltning. Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som:
 
  • har relevant utdanning på mastergradsnivå, med fagleg tyngde innan arealplanlegging. Utdanning på lågare nivå kan kompenserast med relevant erfaring.
  • har erfaring frå til dømes arealplanlegging og samfunnsplanlegging
  • har GIS/kartkompetanse
  • har god kunnskap om landbruk, landbruksregelverket og plan- og bygningslova.
Den som blir tilsett i stillinga må vere open for endringar i oppgåver og ansvarsområde som følgje av endring i prioritering og oppdrag for avdelinga, ut frå kapasitet og kompetanse.

Personlege eigenskapar 

 
Vi ser etter deg som:
  • samarbeider godt og byggjer gode relasjonar
  • er strukturert, sjølvstendig og løysningsorientert
  • har ein trygg og tydeleg kommunikasjon
  • trivst med varierte oppgåver og ansvar
 
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
 
Vi tilbyr
  • lønn som rådgivar/seniorrådgivar, kr 620 000 - kr 750 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
  • god pensjonsordning (det blir trekt 2 % pensjonsinnskot frå lønna), gruppelivsforsikring og moglegheit for
  • bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Les meir om ansatt godane på spk.no/medlemskap-i-spk
  • fleksibel arbeidstid og gode arbeidsvilkår i staten
  • moglegheit for fagleg utvikling og kompetansebygging
  • triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
  • HjemJobbHjem-ordning
  • 6 månaders prøvetid
 

Mangfald og inkludering

Vi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av bakgrunn. Vi legg til rette ved behov.
 
 

Slik søkjer du
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom vår karriereside. Opprett kandidatprofil som brukes når du skal søke på stillinger.  
Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje
 

Tilleggsinformasjon
Kontaktpersonar:
Monica Dahlmo, landbruksdirektør
Telefon: 456 52 833 | E-post: monica.dahlmo@statsforvalteren.no
 
Anfinn Rosnes, ass. landbruksdirektør
Telefon: 481 47 213 | E-post: anfinn.rosnes@statsforvalteren.no
 
 
Søknadsfrist: 30.10.2026
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter