Forskar innan anvend mikroøkonomi, arbeidsmarknad og skatt

Stilling
Forskar innan anvend mikroøkonomi, arbeidsmarknad og skatt
Lokasjon
Oslo
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
04. des.
Få påminnelse
28 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du bidra til ny kunnskap om korleis økonomisk politikk påverkar individ, hushald, verksemder og samfunnet? Ønskjer du å arbeida med sentrale samfunnsspørsmål i eitt av Noregs sterkaste forskingsmiljø innan anvend mikroøkonomi?

Vi søkjer ein forskar til Gruppe for arbeidsmarknad og skatt i Forskingsavdelinga i Statistisk sentralbyrå. Me ser etter kandidatar med sterk kompetanse innan empirisk mikroøkonomi, økonometri eller kvantitative metodar som ønskjer å bidra til forsking på sentrale samfunnsøkonomiske problemstillingar.

Gruppa kombinerer forsking på høgt internasjonalt nivå med utvikling og bruk av sentrale analyseverktøy for norsk økonomisk politikk. Som forskar hos oss blir du ein del av eit leiande fagmiljø innan anvend mikroøkonomi, med tett kontakt med nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Arbeidet byggjer på omfattande registerdata og kombinerer empiriske analysar ved hjelp av moderne mikroøkonometriske metodar med utvikling og bruk av modellar og analyseverktøy for norsk økonomisk politikk.

Dette gir ei unik moglegheit til å kombinere forsking på høgt internasjonalt nivå med problemstillingar som er sentrale for utforming og evaluering av offentleg politikk.


Hos oss får du vera med å

  • gjennomføre forsking innan anvend mikroøkonomi, mellom anna skatt, utdanning, arbeidsmarknad, helse, fordeling og andre sentrale samfunnsøkonomiske tema 
  • publisere forsking i internasjonale vitskaplege tidsskrift 
  • analysere omfattande registerdata ved hjelp av moderne mikroøkonometriske metodar 
  • utvikle og nytte metodar og modellar for analyse av økonomisk politikk 
  • bidra til fagleg samarbeid mellom forsking og statistikkproduksjon 
  • utvikle nye forskingsprosjekt og søknader om finansiering 
  • formidle resultat til beslutningstakarar, offentleg forvaltning, forskingsmiljø og allmenta 
  • samarbeide med leiande forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt 
  • representere SSB og Forskingsavdelinga eksternt 

Kva kompetanse er nødvendig?

  • Doktorgrad i samfunnsøkonomi eller eit anna relevant kvantitativt fagområde. Kandidatar som er i ferd med å fullføre doktorgraden, kan òg bli vurderte. Avhandlinga må vere levert før tiltreding.
  • Kompetanse og erfaring med empiriske analysar og mikroøkonometriske metodar. 
  • Erfaring med programmering og dataanalyse, til dømes i R, Stata eller Python, dessutan kopling og analyse av store datasett, fortrinnsvis registerdata. 
  • Det vil bli lagt vekt på vitskapleg produksjon og potensial for forsking på høgt internasjonalt nivå. 
  • God framstillingsevne på norsk (eller eit anna skandinavisk språk) og engelsk. Kandidatar med engelsk som arbeidsspråk blir forventa å lære norsk.

Kven er du?

  • Du har sterke analytiske evner. 
  • Du er sjølvstendig, initiativrik og målretta. 
  • Du arbeider strukturert og leverer høg kvalitet. 
  • Du trivst med samarbeid og bidreg aktivt til eit godt fagleg miljø. 
  • Du har gode kommunikasjons- og formidlingsevner.

Kvifor skal du velja oss?

o Du har sterke analytiske evner. 
o Du er sjølvstendig, initiativrik og målretta. 
o Du arbeider strukturert og leverer høg kvalitet. 
o Du trivst med samarbeid og bidreg aktivt til eit godt fagleg miljø. 
o Du har gode kommunikasjons- og formidlingsevner.

Vi tilbyr

o Løn som forskar (1109/1110/1183) i lønsspenn frå kr. 675 000 til 820 000 etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for særleg godt kvalifiserte søkjarar. 
o Eit leiande forskingsmiljø innan anvende mikroøkonometriske analysar med gode moglegheiter for fagleg utvikling, samarbeid og publisering. 
o Spennande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom forsking, analyse og økonomisk politikk. 
o Gode moglegheiter for kompetanseutvikling og nasjonalt og internasjonalt samarbeid. 
o Fleksibel arbeidstid, treningstilbod og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse. 
o Lyse og trivelege lokale sentralt i Oslo med innandørs sykkelparkering. 

Verdt å merke seg før du søkjer:

o For at vi best mogleg skal kunne vurdere søknaden din, treng vi at du innan søknadsfristen registrerer relevant dokumentasjon i den elektroniske søkjeportalen (attestar, vitnemål osv.). For kandidatar vi vurderer å tilsetje, kan vi gjennomføre bakgrunnssjekk og kontroll av dokumentasjon.
o Me gjer merksam på at opplysningar som søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste vert utforma.
o SSB skal vere ein god stad å arbeide for alle, og me ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse framtidas oppgåver. Har du funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn, eller har hatt lengre fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring dei siste åra, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer på stillinga. Det gir deg moglegheit til positiv særbehandling. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Dersom du har behov for særskild tilrettelegging, vil vi strekkje oss langt for å imøtekome behova dine.

Kontaktinformasjon

Trine Engh Vattø, Forsker, 98474524, trine.vatto@ssb.no

Arbeidssted

Akersveien 26
0177 Oslo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Statistisk sentralbyrå

Referansenr.: 5204184690
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.12.2026

Teknologier og programvare
Kontaktpersoner
Trine Engh Vattø
Forsker
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter