Kontorsjef for trafikant- og førarprøvetenester

Stilling
Kontorsjef
Lokasjon
Førde, Hovdebygda, Nordfjordeid, Sogndal, Stord, Ålesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
02. nov.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Vil du leie medarbeidarar som kvar dag bidreg til auka trafikktryggleik? Som kontorsjef får du ei sentral rolle i leiinga av trafikant- og førarprøveområdet på Vestlandet.

Eininga har ansvar for førarprøver, trafikktryggleiksarbeid og andre publikumsretta oppgåver. Du får personal-, økonomi-, mål - og resultatansvar for medarbeidarar på seks lokasjonar. Du følgjer opp fag, kvalitet og ressursbruk, og arbeider tett med både medarbeidarar og kundar. Stillinga inngår i leiargruppa til seksjonen og inneber noko reiseverksemd. Du rapporterer til seksjonssjefen.


Kontorstad er ved trafikkstasjonen i Førde, Sogndal, Ørsta, Ålesund, Nordfjordeid eller Stord.


Arbeidsoppgåver

Vi ser etter ein leiar som skaper eit godt arbeidsmiljø og utviklar kundeorienterte tenester.

Du blir motivert av samfunnsoppdraget vårt og vil bidra til nullvisjonen om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken.

Du skal:

  • leie, følgje opp og utvikle medarbeidarane og bidra til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
  • planleggje og prioritere bemanning, kapasitet og oppgåver for å sikre effektive tenester med god kvalitet
  • følgje opp HMS og medarbeidarar, og samarbeide godt med tillitsvalde og vernetenesta
  • leie endrings- og forbetringsarbeid og fremje digitalisering, standardisering og effektiv ressursbruk
  • bidra aktivt i leiargruppa og styrke samarbeidet på tvers av lokasjonar og fagmiljø

Leiing i Statens vegvesen

Som leiar i Statens vegvesen forventes det at du følgjer leiarprinsippane våre – vårt felles kompass for godt leiarskap: 

  • Sett retning – eg ser framover, varetek heilskapen og viser veg. 
  • Ver til stades – eg lytter, tek vare på medarbeiderane og motiverer til innsats.
  • Skap saman – eg er drivkraft for samarbeid og deling. Eg gjer det trygt å utforske nye moglegheiter. 

Prinsippa byggjer på våre verdiar og gir retning for korleis vi leier, samhandlar og utviklar oss – både som enkeltleiarar og som organisasjon. 


Kvifor skal du velje oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av eit landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss. 

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
  • Faglig påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.


Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tre år. Omfattande og relevant erfaring frå aktuelle fagområde kan kompensere for manglande formell utdanning
  • dokumentert leiarerfaring med personalansvar
  • god digital kompetanse og evne til å bruke styringsinformasjon i oppfølging og prioritering
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • førarkort klasse B


Vi legg vekt på at du er motivert for leiarrolla og har god forståing for samfunnsoppdraget vårt.

Om du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, må du leggje ved autorisert omsetjing av dokumentasjonen og godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (https://hkdir.no/).

Det er ein fordel om du har:

  • leiarutdanning eller anna relevant vidareutdanning
  • erfaring frå offentleg forvaltning og kjennskap til relevant regelverk

Som tilsett i Statens vegvesen må du vere tryggingsmessig skikka, ha god dømmekraft og vere påliteleg og lojal.

Personlege eigenskapar

Du er ein tydeleg, trygg og samlande leiar. Du kommuniserer ope, skaper tillit og motiverer medarbeidarane. Samtidig byggjer du gode relasjonar på tvers av fagmiljø og lokasjonar.

Du arbeider strukturert, tek avgjerder og følgjer dei opp. I ein kompleks arbeidskvardag klarer du å prioritere og balansere omsynet til medarbeidarar, kundar, kvalitet og resultat.

Som tilsett i Statens vegvesen må du vere tryggingsmessig skikka, ha god dømmekraft og vere påliteleg og lojal.


Om søknadsprosessen

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Bakgrunnssjekk

Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.

Positiv særbehandling

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.


Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter