Ansatte
25
Etablert
2017
Hovedkontor
Nordfjordeid
STAD KYRKJELEGE FELLESRÅD
Stad kyrkjelege fellesråd er eit felles organ for sokna i Stad, jf. Lov om tros- og livssynssamfunn kap. 3. §10-§17. Fellesrådet skal ivareta administrative og økonomiske oppgåver på vegne av sokna, utarbeide mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen, fremje samarbeid mellom sokneråda og ivareta sokna sine interesser i høve kommunen.
Stad kyrkjelege fellesråd har 7 sokn, 8 kyrkjer og 11 kyrkjegardar/gravplassar - frå vakre Heggjabygda ved Hornindalsvatnet i aust i til Ervik heilt ute mot storhavet ved Vestkapp. Kontora til Stad kyrkjelege fellesråd ligg i Eid Kyrkjetun på Nordfjordeid og i kommunehuset i Selje. Nordfjordeid er prostesete i Nordfjord og prosten sitt kontor er samlokalisert med fellesrådet. Det er totalt 3 prestar som har teneste i kyrkjene i Stad og fellesrådet har sjølv 22 tilsette i heil- og deltidsstillingar.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.