Vernepleiar ved Elvebøen
Ønskjer du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du får bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell for andre? Då kan du vere den vi ser etter!
Om arbeidsplassen
Elvebøen er ei avdeling i Miljøtenesta i Stad kommune, lokalisert på Nordfjordeid. Avdelinga har heildøgnsdrift og yter tenester til personar med ulike behov for oppfølging og bistand, både i bufellesskap og i private bustader.
Som vernepleiar ved Elvebøen arbeider du tett på tenestemottakarane gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid og individuelt tilpassa oppfølging. Du vil ha primæransvar for enkelte tenestemottakarar og vere ein viktig bidragsytar i arbeidet med å skape tryggleik, meistring og gode kvardagar.
Arbeidskvardagen hos oss er variert og byr på både faglege utfordringar og moglegheiter. Vi ser etter deg som trivst med å arbeide sjølvstendig, men som også verdset tett samarbeid med kollegaer. Godt samarbeid, fagleg refleksjon og eit inkluderande arbeidsmiljø er viktige faktorar for kvaliteten på tenestene våre.
Som vernepleiar vil du i tillegg ha ansvar for helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering, i samarbeid med andre vernepleiarar og sjukepleiarar i avdelinga.
Turnus og arbeidstid
Avdelinga har årsarbeidsplan, og stillinga inngår per i dag i ei tredelt turnusordning med dag-, kvelds- og nattevakter. Det vil vere moglegheit for langvakter frå og med neste årsarbeidsplan.
Elvebøen har eit godt samarbeid med andre avdelingar i Miljøtenesta og Meistring og psykisk helse. Samarbeidet omfattar mellom anna tryggingstiltak på natt og faste medisinvakter på tvers av avdelingane éin dag i veka.
Stillinga må sjåast i samanheng med pågåande interne prosessar i organisasjonen. Det blir derfor teke atterhald om at stillinga kan bli fylt gjennom intern tilsetjing
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for
- Kartlegge og vurdere behov
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
- Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
- Rettleie studentar, lærlingar og andre
- Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
- Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
- Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal
- Tverrfagleg samarbeid
- For vernepleiar gjelder også helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- Vernepleiar: Vernepleiar med autorisasjon
- Andre med treårig sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå kan også søke
- I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning og kurs
- Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Bidrar aktiv til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
- Vernepleiar får rekrutteringstillegg på kr. 30.000 i tillegg til tariffløn
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Camilla Andersen på telefon 45877417 eller epost camilla.andersen@stad.kommune.no.
Kontaktinformasjon
Camilla Andersen, Avdelingsleiar Elvebøen, 45877417, camilla.andersen@stad.kommune.noArbeidsstad
Elvebøen 2A6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5169240497
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026