Open søknad - fritidskontakt og tilkallingsvikar i helse og omsorg

Stilling
Open søknad - fritidskontakt og tilkallingsvikar i helse og omsorg
Lokasjon
Selje
Antall posisjoner
10
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Vikariat
Publisert
03. juli
Søknadsfrist
04. jan. 2027
Få påminnelse
94 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Einingane innan helse og omsorg i heile Stad kommune ønskjer fleire fritidskontakter og tilkallingsvikarar.

Ein fritidskontakt skal hjelpe andre personar til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Årsaker til at personar treng fritidskontakt er samansett. Det kan vere somatisk (kroppsleg) eller psykisk sykdom, skade eller lidelse, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Personar i alle aldersgrupper kan ha fritidskontakt.

Dersom dette kan vere noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser og kva aldersgruppe du kan tenke deg å jobbe med.
Fritidskontaktoppdrag kan vare frå 2 timar og oppover per veke. Tidspunkt for arbeidet avtalast mellom fritidskontakt og personen ein har oppdrag for. 

Skriv i søknaden kva for ei stilling du søkjer på (fritidskontakt eller tilkallingsvikar) og kvar du helst vil jobbe, eller skriv at alle tenester kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell.

Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar, langvarige vikariat og ferievikariat. Denne utlysninga gjeld berre tilkalling og korte vikariat.


Arbeidsoppgåver

  • Vikararbeid i helse- og omsorgseiningane: Heimetenesta, Seljetunet, Hogatunet, Miljøtenesta, Meistring og psykisk helse, Interkommunale helsetenester og Helse.  
  • Fritidskontakta si viktigaste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid. Dette inneber å vere saman med den enkelte på ulike fritidsaktivitetar som t.d å gå på kino, kafé, trene, reise på turar saman mm.

Kvalifikasjonar

  • Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i helse og omsorg
  • Som fritidskontakt må du sette deg inn i andre sin situasjon og ha lyst til å gjere noko meiningsfylt i samspel med andre
  • Dersom du er aktuell vil du bli kontakta
  • Du er gjerne i eit relevant studieløp
  • Alle som arbeider i helse og omsorg må levere gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet
  • Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen

Vi tilbyr

  • Ekstravakter, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat
  • Løn etter tariff. Du skriv timeliste.


Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at  du følgjer med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!

Det er fint om du sjølv trekkjer søknaden din i Webcruiter når du ikkje lenger er aktuell for vikararbeid.

Kontakt oss gjerne om du lurer på noko!

Kontaktinformasjon

Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no
Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no
Grete Aud Totland, Einingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005, grete.aud.totland@stad.kommune.no
Linda Gotteberg, einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no

Arbeidsstad


6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5152331406
Stillingsprosent: 23%
Søknadsfrist: 04.01.2027

Kontaktpersoner
Ann Charlotte Jansson
Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta
Heidi Munch Starheim
Einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter
Annette Hovden
Einingsleiar Heimetenesta
Grete Aud Totland
Einingsleiar Interkommunale helsetenester
Linda Gotteberg
einingsleiar helse
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter