Miljøterapeut og fagarbeidar i barneavlastinga
Ønskjer du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og gode kollegaer? Då kan dette vere stillinga for deg!
Barneavlastinga i Stad kommune har ledig to vikariat:
60 % vikariat som miljøterapeut i barnebustad med oppstart snarast, til 30. januar 2028
100 % vikariat som fagarbeidar i barneavlastinga, med oppstart i januar 2027, til 27. februar 2028
Barneavlastinga er ein del av eininga Meistring og psykisk helse og gjev avlastingstilbod til familiar med særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Barna og ungdomane som nyttar tilbodet, har ulike behov for omsorg, støtte, oppfølging og tilrettelegging. Avdelinga har også ansvar for eit individuelt tilrettelagt tiltak med 2:1-bemanning.
Hos oss får du arbeide tett på barn og unge og bidra til eit trygt og godt omsorgs- og bumiljø, med fokus på meistring, utvikling og gode opplevingar i kvardagen. Vi har eit godt fagmiljø der samarbeid, engasjement og kvalitet i tenestene står sentralt.
60 % vikariat - miljøterapeut
Turnusen er lagt opp med langvakter knytte til eit individuelt tilrettelagt tiltak med 2:1-bemanning, i tillegg til vakter i Barneavlastinga. Det er arbeidshelg kvar fjerde helg, med langvakter.
100 % vikariat – barne- og ungdomsarbeidar
Turnusen er lagt opp med seinvakter, langvakter og nattevakter i barneavlastinga. Det er arbeidshelg kvar fjerde helg, med langvakter.
Begge stillingane inkluderer 20 % frie timar. Dette inneber at ein del av arbeidstida ikkje er fastsett i den ordinære turnusen, men blir disponert etter nærare avtale og behov i avdelinga.
Vi ser etter deg som er engasjert, omsorgsfull og ønskjer å gjere ein skilnad i kvardagen til barn og unge. Du må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar og samstundes trivast med tett samarbeid med kollegaer.
Spesifiser i søknaden kva stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi, omsorg og behandling.
- Bidra til eit trygt og godt omsorgs- og bumiljø for barna og ungdommane.
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer.
- Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team.
- Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav.
- Tverrfagleg samarbeid.
For miljøterapeut gjeld også:
- Primæransvar.
- Ansvar for det faglege rundt barn og ungdom.
- Kartlegge og vurdere behov.
- Følgje opp miljøterapeutiske tiltak.
Kvalifikasjonar
Miljøterapeut:
- Treårig helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå.
- I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning knytt til barn og unge og/eller psykisk helse.
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg.
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort.
Fagarbeidar:
- Fagbrev som barne og ungdomsarbeidar. Søkjarar med anna relevant fagbrev kan også søkje.
- I tillegg er det ønskeleg med relevant erfaring knytt til barn og unge og/eller psykisk helse.
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg.
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner.
- Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell - og sosial bakgrunn og med ulike livssyn.
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver.
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid.
- Tek initiativ og ansvar.
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du kontakte avdelingsleiar Stine Takle Piel tlf 41457801
Kontaktinformasjon
Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 41457801, stine.takle.piel@stad.kommune.noArbeidsstad
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5203118435
Stillingsprosent: 100, 60%
Vikar
Søknadsfrist: 29.11.2026