Kokk ved institusjonskjøkkenet - bli ein del av laget vårt!

Stilling
Kokk ved Hogatunet
Lokasjon
Nordfjordeid
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Stillingsannonsen er inaktiv.
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. okt.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ved institusjonskjøkkenet vårt har vi ledig stilling som kokk frå 1.12.2026.

Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, trivst med samarbeid og ønskjer å bruke kokkefaget til å skape gode kvardagsopplevingar for andre.
Kjøkkenet er hjartet i mange av tenestene våre. Kvar dag lagar vi måltid som bidreg til helse, trivsel og livskvalitet for bebuarar og brukarar.

Som kokk hos oss får du vere med på å gjere ein forskjell gjennom mat laga med kvalitet, omtanke og fagleg stoltheit.

Kven er vi?
Institusjonskjøkkenet produserer måltid til bebuarar ved Hogatunet, Fossevegen bufellesskap, dagsenter og heimebuande brukarar. Vi er opptekne av ernæring, matglede og kvalitet, og arbeider tett saman for å gi eit best mogleg tilbod.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer som støttar kvarandre og deler kompetanse.


Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av varme og kalde måltid
  • Tilrettelegging av spesialkost og diettar
  • Bidra til god kvalitet, mattryggleik og hygiene
  • Varebestilling og lagerhandtering
  • Reinhald og internkontroll i tråd med gjeldande rutinar
  • Samarbeid med pleiepersonell og andre faggrupper
  • Medverke til vidare utvikling av kjøkkenet og tenestene våre

Kvalifikasjonar

  • Har fagbrev som kokk eller institusjonskokk
  • Har interesse for ernæring og måltid til personar med ulike behov
  • Arbeider strukturert og tek ansvar
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Samarbeider godt med andre, men trivst òg med sjølvstendig arbeid
  • Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Erfaring frå institusjon, storkjøkken, kantine eller restaurant er ein fordel, men vi oppmodar også andre kvalifiserte kandidatar til å søkje

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevne, fleksibilitet og serviceinnstilt
  • Må kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Er fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull rolle der arbeidet ditt betyr mykje for andre
  • Årsturnus med arbeid kvar 3. helg og helgedagar. 
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Varierte arbeidsoppgåver og høve til å påverke arbeidskvardagen
  • Fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ber om referansar av nyare dato.

Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Kontaktinformasjon

Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Hogatunet, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Skulevegen 24
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5185299083
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter