Helsefagarbeidarar i heimetenesta avd. Nordfjordeid
Er du helsefagarbeidar og vil vere med å forme framtidas heimetenester? Sjå her!
Heimetenesta har ledig tre vikariat i 100 % stilling i avdeling Nordfjordeid. Oppstart snarast råd. Vikariata varer til 28.11.2027 med mogleg forlenging.
Stillingane inkluderer 20 % frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i planlegging av arbeidstid. Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3. helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon, samt avtale om langvakter.
Arbeidet foregår både i ambulerande heimeteneste og for bebuarar i bufellesskap. Stillingane er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen.
Helsefagarbeidarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du kan utvikle deg og påverke.
Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.
Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø med kollegaer som støttar, utfordrar og heiar på deg. Du får bruke din kompetanse i både prosedyrar og i det nære og relasjonelle arbeidet. Ingen dagar er like, men alle dagar er viktige! Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
- Oppfølging og dokumentasjon av tenesteytinga i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
- Tverrfagleg samarbeid
- Praktisk bistand
- Samarbeid med pårørande
- Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre
Det blir lagt til rette for god opplæring ved oppstart.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer primært etter offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, men ufaglærte med relevant erfaring kan gjerne søkje med forbehold om å gjennomføre fagbrev
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl B.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og godt i team
- Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Kontaktinformasjon
Anne Dybedal Berteig, Avdelingsleiar heimetenesta, 989 00 561, anne.dybedal.berteig@stad.kommune.noMarthe Stave, Avdelingsleiar heimetenesta, 959 99 604, marthe.stave@stad.kommune.no
Anne-Lise Teige, Einingsleiar heimetenesta, 41002206, anne-lise.teige@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Fossevegen 106770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5213413302
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 13.12.2026