Helsefagarbeidar ved Seljetunet
Helsefagarbeidar – fleire faste stillingar ved Seljetunet
Vil du ha meir samanhengande fritid og påverke eigen turnus?
Vi har frå dags dato fleire ledige faste stillingar i ulike stillingsstørrelsar og helg som helsefagarbeidar ved Seljetunet – og vi vil gjerne ha deg med på laget!
Assistentar er òg velkomne til å søkje med oss.
Dette får du hos oss
- Langvakter frå desember → meir fri, færre oppmøte
- Fleksibel turnus (årsarbeidsplan)
- Moglegheit til å påverke eiga arbeidstid og turnus
- Inntil 10 % frie timar – jobb ekstra når det passar deg
- Moglegheit for fleire helgar i turnus mot ekstra kompensasjon
- Sommaravtale med ekstra kompensasjon
- Eit miljø der vi testar nye løysingar og tenkjer nytt
Ein jobb med meining – og utvikling
- Hos oss jobbar du tett på menneske – og får brukt både fagkunnskap og personlege eigenskapar kvar dag.
- Du blir ein del av eit fagmiljø som:
- Satsar på utvikling og kvalitet
- Ønskjer nye idear frå tilsette
- Gir deg moglegheit til å påverke - Er du lærling og snart ferdig, eller ønskjer du fagbrev?
- Hos oss legg vi til rette for at du kan ta fagbrev på jobb!
Om arbeidsplassen
Seljetunet gir tenester til bebuarar i institusjon og bufellesskap. Vi har:
- 47 plassar totalt
- 31 langtidsplassar i institusjon
- 16 bemanna omsorgsbustader
- Eigne tilbod innan korttids- og avlastingsopphald
- Vi har også eige institusjonskjøkken og eit sterkt fokus på gode kvardagar for bebuarane våre.
Kven er du?
- Du er helsefagarbeidar – eller ønskjer å bli det
- Du likar å jobbe med menneske
- Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på
- Du ønskjer ein jobb der du kan utvikle deg
Arbeidsoppgåver
- Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
- Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
- Samarbeid med pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
- Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre
Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
- Er du lærling oppfordrar vi deg til å søkje
- Assistentar er òg velkomne til å søkje
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- Fokus på etikk
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Årsturnus der 10 % av stillinga kan vere frie timar.
- Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i turnus, mot ekstra kompensasjon
- Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar fjerde helg), og i vekedagane for lengre friperiodar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodgjersle
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Seljetunet, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.noStine Fylling, Avdelingsleiar Seljetunet, 98482449
Arbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5184938747
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026