Helsefagarbeidarar i heimetenesta avd. Selje/Stadlandet

Stilling
Helsefagarbeidarar i heimetenesta avd. Selje/Stadlandet
Lokasjon
Stadlandet, Selje
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
13. des.
Få påminnelse
20 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du helsefagarbeidar og vil vere med å forme framtidas heimetenester? Sjå her!

Stad kommune har ledig to 100 % vikariat som helsefagarbeidarar med tenestestad Selje/Stadlandet. Vikariata varer til 28.11.2027 med mogleg forlenging. 

Stillingane inkluderer 20 % frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i planlegging av arbeidstid. Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3. helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon samt avtale om langvakter.

Arbeidet foregår både i ambulerande heimeteneste og i bufellesskap. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.

Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen. 

Helsefagarbeidarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du kan utvikle deg og påverke.

Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.

Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø med kollegaer som støttar, utfordrar og heiar på deg. Du får bruke din kompetanse i både prosedyrar og i det nære og relasjonelle arbeidet. Ingen dagar er like, men alle dagar er viktige! Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Oppfølging og dokumentasjon av tenesteytinga i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Praktisk bistand
  • Samarbeid med pårørande
  • Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre

Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært etter offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, men ufaglærte med relevant erfaring kan gjerne søkje med forbehold om å gjennomføre fagbrev 
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og godt i team
  • Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Busette i Stad Kommune i minst eitt år kan søkje lånekassa om å få sletta delar av studielånet sitt

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Kontaktinformasjon

Hanne Kristin Teige Otneim, Avdelingsleiar heimetenesta, 951 40 595, hanne.teige@stad.kommune.no
Anne-Lise Teige, Einingsleiar heimetenesta, 41002206, anne-lise.teige@stad.kommune.no

Arbeidsstad


6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5213425934
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 13.12.2026

Kontaktpersoner
Hanne Kristin Teige Otneim
Avdelingsleiar heimetenesta
Anne-Lise Teige
Einingsleiar heimetenesta
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter