Faste helgestillingar i miljøtenesta

Stilling
Helgestillingar i miljøtenesta
Lokasjon
Nordfjordeid, Selje, Stadlandet
Antall posisjoner
10
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
22. nov.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Miljøtenesta i Stad kommune søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar ved avdelingane Elvebøen og Myroldhaug på Nordfjordeid og Miljøtenesta Ytre.
Miljøtenesta gir tenester til personar med ulike behov for oppfølging, rettleiing og bistand i kvardagen. Målet vårt er å bidra til tryggleik, meistring, sjølvstende og gode kvardagar for den enkelte.

Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb der du kan utgjere ein forskjell i kvardagen til andre menneske. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med varierte oppgåver, gode kollegaer og høve til å utvikle deg både fagleg og personleg.

Avdeling Elvebøen har ledig: 

  • 2 x 20 % stillingar med langvakt kvar 4. helg
  • 1 x 30 % stilling med nattevakter kvar 3. helg

Miljøtenesta Ytre har ledig:

  •  3 x 15 % stilling med vakt kvar 3. helg 

Avdeling Myroldhaug har ledig:

  • 1 x 25 % stilling med langvakter kvar 4. helg
  • 3 x 32 % stilling med nattevakter kvar 3. helg

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling 
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Kvalifikasjonar

Vi ser særleg etter deg som:

  • Har helsefagleg utdanning
  • Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag
  • Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren
  • Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Du må vere over 18 år

Personlege eigenskapar

  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Kontaktinformasjon

Silje Sneide, Avdelingsleiar Miljøtenesta ytre, 48119558, silje.sneide@stad.kommune.no
Camilla Andersen, Avdelingsleiar Elvebøen, 45877417, camilla.andersen@stad.kommune.no
Ann-Charlotte Jansson, Einingsleiar Miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Elvebøen 2A
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5194204335
Stillingsprosent: 32%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026

Kontaktpersoner
Ann-Charlotte Jansson
Einingsleiar Miljøtenesta
Camilla Andersen
Avdelingsleiar Elvebøen
Silje Sneide
Avdelingsleiar Miljøtenesta ytre
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter