Barnehagelærar i Selje

Stilling
Barnehagelærar i Selje
Lokasjon
Selje
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
22. nov.
Få påminnelse
23 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?

Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har no ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 04.01.2027. 

Barnehagen ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar, Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka, med om lag 50 barn og 15 tilsette.

Hos oss får du vere med på å utvikle og tilpasse det pedagogiske arbeidet i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale. Barnehagen vår ligg i naturskjøne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald.

Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus!

Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
  • Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidpartnarar
  • Samarbeide med øvrige tilsette
  • Rettleiingsansvar for øvrige tilsette

Kvalifikasjonar

  • For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget / helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet
  • Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
  • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
  • Godt og nært fagleg samarbeid 
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Kontaktinformasjon

Heidi Løvold, Styrar Selje barnehage, 97 99 04 36, heidi.lovold@stad.kommune.no

Arbeidsstad


6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5201924605
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026

Kontaktpersoner
Heidi Løvold
Styrar Selje barnehage
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter