Barnehagelærarar på Flatraket 

Stilling
Barnehagelærar i Flatraket barnehage
Lokasjon
Flatraket
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
24 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?

Flatraket barnehage har ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 18.03.2027. 

Barnehagen ligg sentralt på Flatraket, med gangavstand til skule, butikk, fotballbane og ein nydeleg natur med både fjell, skog og fjøre  som vi lettvint kan gjere oss nytte av. Vi har eit tett samarbeid med skulen, og har mange felles aktivitetar gjennom året. Barnehagen har dette året ei avdeling (frå 1-6 år), med 14 barn og 4 tilsette. 

Flatraket barnehage ønskjer å vere ein barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg.  

  • Vi ynskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette.
  • Vi ynskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt.
  • Vi ynskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor.   

Alt dette kan DU vere med på å vidareføre og utvikle, i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. 

Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus!

Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
  • Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Samarbeide med øvrige tilsette
  • Rettleiingsansvar for øvrige tilsette

Kvalifikasjonar

  • For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget/ helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte, dersom det ikkje melder seg kvalifiserte barnehagelærarar. 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet
  • Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
  • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
  • Godt og nært fagleg samarbeid 
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Har du spørsmål om barnehagen kan du kontakte styrar Helena Gangeskar Fure på tlf 911 87 136.

Kontaktinformasjon

Helena Fure, Styrar Flatraket barnehage, 91187136, helena.fure@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Fv618 220
6717 Flatraket

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5208435273
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026

Kontaktpersoner
Helena Fure
Styrar Flatraket barnehage
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter