Barne- og ungdomsarbeidar på Flatraket 

Stilling
Barne- og ungdomsarbeidar på Flatraket
Lokasjon
Flatraket
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid
Publisert
I dag
Søknadsfrist
25. okt.
Få påminnelse
12 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Flatraket barnehage har ledig stillling som barne- og ungdomsarbeidar: 60 % fast stilling, samt 40 % vikariat t.o.m. 14.08.2027. Oppstart snarast råd.

Barnehagen ligg sentralt på Flatraket med gangavstand til skule, butikk, industri, gard, fotballbane og ein nydeleg natur med både skog og fjøre. Vi har og ein eigen liten grønsakshage ved siden av barnehagen. Barnehagen har eit nært samarbeid med skulen, særskilt siste året før barnet byrjar på skulen. Det er 14 born og 6 tilsette i barnehagen.  

Målet vårt er å saman med foreldra gi barna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Dagleg oppfølging av barna
  • Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for barna
  • Delta og bidra i samarbeid med kollegaer og føresette

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Ufaglærte med praksis og motivasjon til å ta fagbrev kan bli vurderte

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, munnleg og skriftleg
  • Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og du kan jobbe sjølvstendig
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet
  • Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
  • Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
  • Godt og nært fagleg samarbeid
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt.

Søkjarar må laste opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. 
Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.
Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Kontaktinformasjon

Helena Fure, Styrar Flatraket barnehage, 91187136, helena.fure@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Fv618 220
6717 Flatraket

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5193128810
Stillingsprosent: 60, 40%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 25.10.2026

Kontaktpersoner
Helena Fure
Styrar Flatraket barnehage
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter