Barne- og ungdomsarbeidar i Selje

Stilling
Barne- og ungdomsarbeidar i Selje barnehage
Lokasjon
Selje
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. des.
Få påminnelse
25 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?

Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har ledig 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027. 

Barnehagen ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar, Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka, med om lag 50 barn og 15 tilsette.

Hos oss får du vere med i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale. Barnehagen vår ligg i naturskjøne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald.

Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for alle barna
  • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
  • Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Samarbeide med øvrige tilsette

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Ufaglærte med motivasjon til å ta fagbrev innan rimeleg tid kan bli vurderte

Personlege eigenskapar

  • Du har arbeidsglede og ei positiv haldning og trivast saman med barna
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet og barnet i ei gruppe
  • Du er initiativrik og kan jobbe både sjølvstendig og i felleskap med dine kollegaer
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell for barna
  • Du kan kommunisere godt med barn, foreldre og dine kollegaer
  • Du har god arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande, stå på-vilje, er påliteleg og trivst med eit varierande arbeidstempo

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Godt og nært fagleg samarbeid med dyktige kollegaer
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden, og at du oppgir referansar.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon? Kontakt gjerne styrar Heidi Løvold, tlf 97 99 04 36. 

Kontaktinformasjon

Heidi Løvold, Styrar Selje barnehage, 97 99 04 36, heidi.lovold@stad.kommune.no

Arbeidsstad


6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5208551343
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026

Kontaktpersoner
Heidi Løvold
Styrar Selje barnehage
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter